Dåfjorden Naturbarnehage
Barnehagen blir lagt ned frå og med hausten 2026.
Dåfjorden Naturbarnehage ligg i Selevik grend og har tilgang til flotte naturomgjevnader, fjell og sjø.
Om barnehagen
Dåfjorden Naturbarnehage er ein kommunal barnehage frå hausten 2024. Bedehuset i Dåfjorden er base for barnehagen. Ein nyttar også tomta til Magnor og Solbjørg Tverderøy. Her er stor tumleplass både inne og ute for både liten og stor. Eigedomen består av mykje uteareale der barna kan vera kroppslege i trygge omgjevnadar. I nærmiljøet finn ein sjø, fjell, skog, fine turområder og gapahuk. Rammeplanen seier at ein viktig del av barnekulturen er uteleik og uteaktivitet og at barn bør få impulsar og inspirasjon til leiken gjennom opplevingar i nærmiljøet. Nærmiljøet blir nytta mykje og ofte.
Satsingsområder
Kosthold og natur
I Dåfjorden Naturbarnehage har vi fokus på sunn mat. Barna får alle måltidene i barnehagen og ett varmt måltid hver dag. Vi har fokus på sunn, variert mat og matglede. Om våren dyrker vi forskjellige råvarer oppe i drivhuset til Solbjørg og Magnor, barna er med på hele prosessen.
Vi er mye på tomten til Solbjørg og Magnor som ligger svært nære barnehagen. Her har vi stort uteområde der barna kan være kroppslige i trygge omgivelser. Her har vi også fått opp en lavvo der vi har mulighet for å lage mat. På eiendommen er det også forskjellige dyr som barna er veldig glad i, både høner, kaniner, katter og hund. Vi er mye ut i nærmiljøet, her finner vi en sjø, fjell, skog, fine turområder, klatrejungel og gapahuk. Vi har også gått til innkjøp av en ni seter buss, slik at vi lettere kan komme oss rundt til andre plasser også.
Prisar
Søskenmoderasjon
Foreldre som har barn i barnehagane i Fitjar får moderasjon etter følgjande relgar:
- 30 % moderasjon for barn nr.2
- for barn nr.3 og øvrige vert det gratis barnehageplass.
Barnehagen ordnar søskenmoderasjon, ein treng ikkje søkje om dette.
Les meir om moderasjonsordningar på UDIR sine heimesider. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Foreldrebetaling
- Ein barnehageplass kostar 700,- kroner per månad, gjeldande frå 01.08.2025.
- Du betalar frå den månaden barnet startar i barnehagen.
- Familiar med fleire barn i barnehage betalar mindre.
- Familiar som tente mindre enn 669 050 kroner (sats per 01.08.25) førre år har rett på lågare betaling.
Redusert foreldretaling
Det er to ordningar for å søkje moderasjon i foreldrebetaling:
Ordning 1 - grunnlag for søkje om redusert foreldrebetaling
Ingen familiar skal betala meir enn seks prosent av inntekta si for ein barnehageplass. Familiar med inntekt under 669 050,- (per 01.08.2025) vil såleis betala mindre enn makspris på kr. 700,-.
Betalinga skal reknast ut frå hushaldet si samla skattepliktige kapital- og personinntekt.
Ordning 2 - Gratis kjernetid for 2, 3, 4 og 5 åringar for familiar med låg betalingsevne
Alle 2,3,4 og 5 åringar og barn med utsett skulestart, som bur i hushald med låg inntekt har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage pr. veke. Inntektsgrensa per 2025 er sett til kr. 669 050,-.
Felles for ordningane gjeld:
Hushald: einsleg, ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar
Som sambuar reknar ein to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande tilhøve i minst 12 av dei 18 siste månadane, eller har felles barn. Bur eit barn fast hos begge foreldra, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i hushaldet der barnet er folkeregistrert.
Søknadsskjema finn du under fanen skjema.
Relatert informasjon
Sist oppdatert
