Bakken kystbarnehage

Barnehagen er ein privat, kyrkjelydsbarnehage med utvida kristen formålsparagraf.

Om barnehagen

Barnehagen ligg i bustadfeltet Bakken, med hovudinngang  frå parkeringsplassen ved Fitjar idrettspark.

Barnehagen ligg i bustadfeltet Bakken, nært opp til Rossneset trivselspark.

I Rossneset har me lavvo og her er fint turområde som blir mykje nytta. Me har også leirplass ved Fitjar idrettspark. 

Uteleikeplassen blei oppgradert sommaren 2019 med nytt klatrestativ og gummibarkdekke på ein del av området. Her har me også grillhytte og gapahuk, reiler mm. Barnehagen har gjort ei oppgradering av inneareal i 2026. M.a med nye grovgarderobar for to av avdelingane.

Barnehagen har tre avdelingar, småbarnsavdelinga Solgul med 12 plassar for barn i alderen 0-2 år, Sjøgrøn med 24 plassar for barn i alderen 2-4 år og Himmelblå med 24 plassar for barn i alderen 4-6 år

Tilvenning for nye born: Me ynskjer å tilby dei minste i barnehagen ein trygg start på barnehagelivet. Me tilbyr utvida tilvenningstid i god tid før barnehagestart. I juni har me fleire besøksdagar for nye born før dei byrjar i august. Dette gjer oppstart i barnehagen tryggare for borna, men også for foreldra!

Satsingsområde

  • Formål: Barnehagen har utvida kristen formålsparagraf og er tilknytt Fitjar kyrkje. I ein barnehage med utvida kristen formål vil fagområdet «Etikk, religion og filosofi» ha større plass enn i dei fleste andre barnehagar. Det vil seia at me legg stor vekt på dei kristne høgtidene og at enkle bibelske forteljingar og kristne barnesongar/bordvers har sin naturlege plass i barnehagekvardagen. Me har jamleg besøk av kyrkjelydspedagog og samarbeider om påske og julevandring i kyrkja.
  • Vennskapsbarnehage: Me starta opp vennskapsbarnehageprosjektet i 2009 og har sidan den gong vore vennskapsbarnehage med Stefanusborna i Kairo. Samarbeidet blir administrert av Stefanusalliansen. På Vennskapsfesten i november har me julespel og utlodding der inntekta går til vennskapsbarnehagen vår.
  • Førskulegruppe: Me fylgjer «Plan for førskulegruppa i Bakken barnehage». Denne planen legg vekt på skuleførebuande tema og aktivitetar, og er laga etter samarbeidsmøte med skulen. Dessutan har Fitjar kommune utarbeidd «Frå eldst til yngst»- plan for overgang barnehage-skule i Fitjar kommune. Borna får også symjeopplæring i bassenget på Rimabareid!
  • Kosthald:  Barna får servert alle måltid: frukost, lunsj og etter middags-mat/frukt. Varm lunsj ein dag i veka. Elles vert det baka ein del rundstykker, laga graut og andre alternativ enn vanleg brødmat. Me har to kjøkken på huset. Borna tek del i matlaging som ein del av barnehagekvardagen.
  • Nytt frå barnehageåret 2025/26: Kystbarnehage. Kva vil det seia for Bakken barnehage? Me har hausten 2024 kjøpt eit naust i Rossneset. Dette skal etter kvart bli vår base ved sjøen. Me tenkjer me kan ha teiner, garn, fiskesnøre og anna utstyr der. Redningsvestane er allereie kjøpt inn. Me bur i ein kystkommune, og me vil derfor ikkje berre ta inn det som har med sjøliv å gjera, men også andre ting som har med kystkultur å gjera. Barnehagen har investert i to elektriske lastesyklar med plass til 6 born i kvar sykkel, som gjer at me kjem oss på lengre turar, og kan nå nye turmål!

Vedtekter og årsplan

Barnehagen sine vedtekter finner du her.  Lenke til et annet nettsted.

Barnehagen si heimesida finn du her.  Lenke til et annet nettsted.

Prisar

Foreldre som har barn i barnehagane i Fitjar får moderasjon etter følgjande relgar:

  • 30 % moderasjon for barn nr.2
  • for barn nr.3 og øvrige vert det gratis barnehageplass.

Barnehagen ordnar søskenmoderasjon, ein treng ikkje søkje om dette. 

Les meir om moderasjonsordningar på UDIR sine heimesider. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

  • Ein barnehageplass kostar 700,- kroner per månad, gjeldande frå 01.08.2025.
  • Du betalar frå den månaden barnet startar i barnehagen. 
  • Familiar med fleire barn i barnehage betalar mindre. 
  • ​Familiar som tente mindre enn 669 050 kroner (sats per 01.08.25)  førre år har rett på lågare betaling.

Det er to ordningar for å søkje moderasjon i foreldrebetaling:

Ordning 1 - grunnlag for søkje om redusert foreldrebetaling

Ingen familiar skal betala meir enn seks prosent av inntekta si for ein barnehageplass. Familiar med inntekt under 669 050,- (per 01.08.2025) vil såleis betala mindre enn makspris på kr. 700,-.

Betalinga skal reknast ut frå hushaldet si samla skattepliktige kapital- og personinntekt. 

Ordning 2 - Gratis kjernetid for 2, 3, 4 og 5 åringar for familiar med låg betalingsevne

Alle 2,3,4 og 5 åringar og barn med utsett skulestart, som bur i hushald med låg inntekt har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage pr. veke. Inntektsgrensa per 2025 er sett til kr. 669 050,-. 

Felles for ordningane gjeld:

Hushald: einsleg, ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar

Som sambuar reknar ein to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande tilhøve i minst 12 av dei 18 siste månadane, eller har felles barn. Bur eit barn fast hos begge foreldra, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i hushaldet der barnet er folkeregistrert. 

Søknadsskjema finn du under fanen skjema.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?