Takstnemnda har vurdert urimelege utslag av rammeverket for taksering, og har vedteke fire endringar.  Endringane gjer at mange eigedommar får ny og redusert takst. 

Dette gjeld:

  • Alle fritidseigedommar
  • Mange næringseigedommar
  • Nokre landbrukseigedommar

Dette er endringane:

1. Under pkt. 4.10.1: Prisen for «Tomt fritid – bebygd (opptil 1 000 m2)» vert redusert til 1 050,- pr kvm.

2. Til pkt. 4.10.8 Sonefaktor: Nytt underpunkt.
 Gjeldande for fritidseigedommar og fritidsdel av landbrukseigedommar og blande bruk, vert Fitjar inndelt i 4 sonar:

  • Fitjar 1: Faktor 1
  • Fitjar 2: Faktor 0,75
  • Stranda: Faktor 0,35
  • Øyane: Faktor 0,50

3. Under pkt. 4.10.5 Aldersfrådrag:

Aldersfrådrag for næringsbygg vert endra til:

Årstal bygd Aldersfaktor
2016 - 2020 1,0
2011 - 2015 0,9
2006 - 2010  0,8
2001 - 2005 0,7
1996 - 2000 0,6
1991 - 1995 0,5
1986 - 1990 0,4
1985 eller tidlegare 0,25

4. Under punkt 4.7 Landbrukseigedomar: 
Legg til følgjande: «Landbrukseigedomar med fleire bustadhus/kårhus vert friteke for eigedomsskatt på bustad/kårhus nummer 2 (det eldste huset) med tilhøyrande tomt.»

Møtebok sak PS 82/21 frå møte 22.04.2021 - Endringar i rammer og retningslinjer for eigedomsskatt finn du her