Fitjar kommunestyr har vedteke at bygg som er bygd i 1920 eller tidlegare, som har kategori A i kulturminneplanen skal gjevast fritak etter
§ 7b. Eigarar av slike bygg fyller ut søknaden «Søknad om fritak for eigedomsskatt grunna kulturminne»

Kommunestyret har også vedteke at bygg i kategori S i kulturminneplanen får fritak.  ​For å komme inn i kategorien S, må det søkjast om endring av kategori i kulturminneplanen.

Vurderingsvilkår for slik flytting skal vera at dei har kulturhistorisk verdi (at bygget er sjeldan, estetiske vurderingar eller historisk status). 

Meir informasjon om ordninga og søknadsskjema som skal nyttast finn du her, under fanen Kulturminne - søknad.

Søknadsfrist er sett til 1. juli 2022.