Stortings- og sametingsvalet 2025

Generell informasjon om valet 2025 kan du finna her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. (valg.no)

Valdagen er måndag 8. september 2025.

Røystelokale på valdagen vert i kultursalen på Fitjar kultur- og idrettsbygg, for heile kommunen.

For å få røysta må du ha røysterett og vera innført i manntalet i ein kommune.
 

Røysterett
Du har røysterett dersom du oppfyller desse vilkåra:
- er norsk statsborgar
- fyller 18 år innan utgongen av 2025
- er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busett i Noreg

Manntalet er ei oversikt over alle som har røysterett. Du vert automatisk registrert i manntalet i den kommunen du er folkeregistrert som busett 30.06.2025.

Manntalet for stortingsvalet vert lagt til offentleg ettersyn i kundetorget på Fitjar rådhus og på Fitjar folkebibliotek, når det er klart frå Valgdirektoratet. Dette skjer ca. midt i juli.

Meiner du at manntalet inneheld feil eller manglar, må grunngjeve krav om retting sendast skriftleg til:
- Fitjar valstyre, Pb. 83, 5418 Fitjar, 
- på e-post: fitjar@fitjar.kommune.no

eller via skjema som du finn her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Det er høve til å røysta frå tysdag 1. juli dersom du ikkje har høve til å røysta innanfor den ordinære perioden for førehandsrøysting, og heller ikkje på valdagen. I perioden frå 1. juli til og med 8. august kan du møta opp og få røysta i kundetorget på Fitjar rådhus, i ordinær opningstid - 
kl. 10.00 - 14.00.

I veke 30 (21. - 25. juli) er rådhuset sommarstengt. Dersom du ynskjer å tidlegrøyste denne veka, kan du ta kontakt med Anette Mek Vik for å avtale tidspunkt. Ho kan nåast på e-post: anevik@fitjar.kommune.no, eller tlf: 982 10 969 

Hugs legitimasjon!

Perioden for førehandsrøysting er 11. august til 5. september.

Førehandsrøysting vil gå føre seg i Fitjar rådhus.

Hugs legitimasjon!

Listeforslag

Vestland fylkeskommune Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. si nettside finn du informasjon om kva parti som stiller til val i Hordaland valdistrikt, og deira listeforslag.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?