Jobb i Fitjar kommune

Fitjar Naturlegvis - Velkomen som jobbsøkjar
Spesielt for studentar og nyutdanna:
Fitjar kommune ønskjer å koma i kontakt med deg om du studerer og tenkjer at det kan vera aktuelt å arbeida innanfor kommunal sektor. Fitjar kommune ønskjer også innspel om frå deg om korleis kommunen kan sikra studentar betre! Ta kontakt for ein uforpliktande samtale.
Stipend til studentar og helsefagarbeidar over 18 år:
Fitjar kommune arbeider no for å etablera ein stipendordning for studentar og vaksne helsefagarbeidarar. Målet er at ordninga skal vera klar innan utgongen av februar 2024, om du har innspel til utforming av ordninga ønskjer me gjerne å høyra frå deg!
Lønsordning for studentar innan helse og omsorgssektoren:
Fitjar kommune har eigne lønstiltak for studentar som tar relevant utdanning og som arbeider i helse og omsorgssektoren. Ordninga inneber at du som student føl følgjande lønsstige:
- 1. årsstudentar får 70 % av Fitjar kommune si minsteløn for sjukepleiarar
- 2. årsstudentar får 80 % av Fitjar kommune si minsteløn for sjukepleiarar.
- 3. årsstudentar får 85 % av Fitjar kommune si minsteløn for sjukepleiarar.
Ordninga inneber at du som student er sikra ein god lønsprogresjon gjennom studiane.
Fitjar kommune samarbeider med høgskule og universitet for å sikra studentar praksis i kommunen. I dag gjev me tilbod om praksisplassar for studentar innan både helse- og oppveksttenestene. Fitjar kommune er også opne for å sjå på moglegheiter for praksisplassar m.a. innan statsvitskap i samarbeid med Universitetet i Bergen.
Løn som nyutdanna sjukepleiar:
For å møte utfordringar knytt til rekruttering innan pleie og omsorg, nyttar Fitjar kommune såkalla antesipert ansiennitet for nyutdanna sjukepleiarar. Dette betyr med enklare ord at du som ny utdanna får løn tilsvarande løna du ville fått, om du hadde hatt ti års erfaring.
Kontakt: Personalrådgjevar
Lærling i Fitjar kommune:
Fitjar kommune har trong for fagarbeidarar innan ulike fag, dette gjeld både innan helse-, kontor-, mat-, barne- og ungdom og IKT for å nemna nokre.
Læreplassar:
Fitjar kommune har i dag tilbod om læreplassar innanfor følgjande fag:
- IKT
- Helsefagarbeid
- Barne og ungdomsarbeidar
Fitjar kommune har eit samarbeid med Fitjar vidaregåande skule innan einskilde fag og ønskjer å utvikla samarbeidet her vidare.
Dersom du er interessert i læreplass innan andre fag ønskjer me gjerne at du tar kontakt slik at me kan vurdera moglegheit for å oppretta læreplass innanfor fleire fagfelt.
Stipend for fagarbeidarar:
Fitjar kommune arbeider no med å etablera ei stipendordning for vaksne som ønskjer å ta fagbrev som helsefagarbeidar, anten gjennom ordinært opplæringsløp eller som praksiskandidat.
Målet er at ordninga skal vera på plass i løpet av hausten 2026 (meir informasjon kjem seinare).
Om du har innspel til utforming av ordninga, ønskjer me gjerne å høyra frå deg!
Kontakt: Personalrådgjevar
Sommarjobb i kommunen:
Kvart år har Fitjar kommune trong for sommarvikarar. Dette kan eigne seg både for deg som er Ung arbeidstakar mellom 16 og 18 år og deg som er litt eldre.
Normalt vil Fitjar kommune kunne gje tilbod om sommarjobb innan følgjande sektorområder:
- Teknisk drift
- Pleie og omsorg
- Helsetenester
- Reinhald og kjøkken.
Sommarjobb i Fitjar kommune kan vera ein fin måte å få erfaring på og kommunen tilbyr eit breitt spenn av oppgåver. Innan pleie og omsorg kan det også vera aktuelt å få tilbod om vidare helgestilling som du kan kombinera med utdanning. Dersom du har interesse av å ha sommarjobb i Fitjar kommune vert det normalt lyst ut tidleg på året, men me tar også i mot opne søknader.
Vår mål er at du som sommarvikar i Fitjar kommune skal få ei god oppleving av arbeidsstaden og at det skal gje den einskilde både ei fagleg og personleg utvikling i tillegg til litt ekstra pengar på konto. Me høyrer frå deg!
Kontakt: Personalrådgjevar
Personalpolitisk rammeverk
Overordna mål:
Fitjar kommune ynskjer gjennom sin personalpolitikk å skapa ein positiv verksemdskultur som stimulerer til engasjement, kreativitet, ansvar og arbeidsglede. Ein vil fremja samarbeidsånd og tillit i samspelet mellom einskildpersonar, tillitsvalde/verneombod, einingar og leiing i kommunen, og mellom folkevalde, administrasjon og innbyggjarar. Fitjar kommune vil førebyggje ulykker, miljø- og helseskadar for å skapa trygge og trivelege arbeidsplassar. Drifta skal gi minst mogleg påverknad på det ytre miljø. Våre tenester skal vera sikre og trygge for arbeidstakarane og brukarane. Dette skal skje ved at helse, miljø og tryggleik blir planlagd og prioritert på lik line med service og økonomi.
Fitjar kommune har vedteke eit personalpolitisk rammeverk som gjeld alle tilsette, du kan lesa meir om det her:
Leiarplattform for Fitjar kommune:
Fitjar kommune har arbeidd fram eigen leiarplattform der visjonen for vårt leiarskap er Saman for utvikling! Fitjar kommune ønskjer at alt leiarskap som vert utøvd i verksemda skal vera utforma med grunnlag i verdiane: Tydeleg , inkluderande og løysingsorientert. Godt leiarskap er viktig for alle som arbeider i verksemda og skal gje grunnlag for godt arbeidsmiljø, sjølvstendige medarbeidarar og gode tenester for alle som bur i kommunen vår.
Personalgode, løn og arbeidsforhold
Alle tilsette i Fitjar kommune har ordna og gode arbeidsforhold der hovudtariffavtalen (HTA) legg rammer for mellom anna løn og godtgjersle, arbeidstid, pensjon og forhandlingar. Sentrale og lokale særavtalar fyller ut vedtektene i hovudtariffavtalen.
Tilsette i Fitjar kommune har gode og tariff festa pensjonsavtaler, under dette også gruppelivsforsikring, yrkesskade og ulykkesforsikring, ordning for etterlatte og uførepensjon. For dei fleste tilsette har ein tilgang til desse tenestene gjennom KLP for undervisningspersonalet er det SPK (Statens pensjonskasse) som gjev dette tilbodet. Medlemskap i KLP gjev også rabatt på bank og forsikringstenester, for dei av våre tilsette som er medlem i SPK er det mogleg å søkja rimeleg bustadlån her. Arbeidsgjevaren din betaler relativt høge pensjonstilskot som kjem i tillegg til vanleg løn, du dekker sjølv ein mindre del av pensjonstinnskotet.
Fitjar kommune har eit veldig breitt spekter av arbeidsoppgåver og såleis også mange ulike arbeidstidsordningar. Me meiner sjølv at arbeidstidsordningane i kommunen er gunstige og mogleg å tilpassa til ulike livssituasjonar. Døme på arbeidstidsordningar er fleksitidsreglement, medlevar-turnus, langvakter, moglegheit for forskyvd arbeidstid med vidare. Arbeidstidsordningar må alltid ta utgangspunkt i tenesta sin karakter og skal vera til gagn både for den tilsette og innbyggjarane våre. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål knytt til arbeidstid.
Målet vårt er at Fitjar kommune skal vera ein god stad å arbeide og at det skal leggjast til rette for både fagleg og personleg utvikling. Det er samstundes ikkje slik at dette er noko me kan vedta. Eit godt arbeidsmiljø er alltid avhengig av at alle samhandlar for å skape det i kvardagen!
Bedriftshelseteneste
Fitjar kommune er tilknytta bedriftshelsetjeneste gjennom Falck AS. Bedriftshelsetenesta er ein ressurs for alle som arbeider i kommunen og skal sikra eit helsefremjande arbeidsmiljø.
Bedriftshelsetenesta gjev råd innan systematisk HMT arbeid, arbeidshelse, helseundersøkingar, ergonomi, psykososial arbeidsmiljø med vidare.
Velferdsklubben
Fitjar kommune har eigen velferdsklubb som har som føremål å fremja
trivnad og godt sosialt arbeidsmiljø for alle tilsette i Fitjar kommune.
Klubben har dei seinare åra hatt faste løyvingar på kommunen sitt budsjett og arrangerer fleire årlege sosiale samankomstar.
Vedtekter - Velferdsklubben pdf, 51 kB.
Nyttige lenkjer for tilsette
Felles lenkjer:
E-post Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Compilo Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Gløymt passord? Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Portalen Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Visma ressursstyring Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Helse/omsorg:
Veilederen Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
VAR healthcare Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Øvrige tilsette har pensjonsordning i KLP Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Slik søkjer du om pensjon i KLP Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Offentleg tenestepensjon i KLP Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert
