Fitjar kommune har i kommunestyremøtet 11.12.2019 i sak 65/19 Utsett sak om retaksering eigedomsskatt, vedtatt å gjennomføre retaksering i 2020.

Retaksering skal jf. eigedomsskattelova §8 A-3 gjennomførast kvart tiande år, og kommunen kan ved særlege tilhøve avgjere at ny taksering skal skje tidlegare eller seinare enn dette, men ikkje seinare enn tre år etter at siste allmenn taksering skulle ha skjedd.

Kommunestyret har vedteke at formuesgrunnlaget frå skatteetaten skal nyttast som skattegrunnlag for bustader jf. eigedomsskattelova § 8 C-1. Skattegrunnlaget vert årleg oppdatert etter lister frå skatteetaten. Utskriving av eigedomsskatt for 2021 byggjer på bustadverdiar frå inntektsåret 2019.

Bustader utan formuesgrunnlag og øvrige eigedomar vert taksert etter fastsette sjablongar. Desse takstane vert ståande til neste retaksering, med mindre det er skjedd endringar i perioden (deling av tomt, rive bygg, nye bygg eller andre monalege forandringar).

Taksering

Eigedomsskattetaksten byggjer på faktaopplysningar og skjønnsmessige vurderingar.

Kommunestyret har utnemnd ei skattetakstnemnd som fastsett eigedomsskattetaksten.

Faktaopplysningar om adresser, bygningsareal og tomteareal vert henta frå matrikkelen. Når det gjeld areal på bygning, vil bruksareal (BRA) bli lagt til grunn. Grovt sett er det arealet innanfor ytterveggane på bygningen. Arealet skal fastsetjast for kvar etasje.

Synfaring

I samband med retaksering skal alle bebygde eigedomar (med unntak av bustader med formuesgrunnlag) synfarast i perioden mai til september 2020.

Ved taksering av bustadar og fritidsbygg vert det i hovudsak berre nytta utvendig synfaring. Det vil bli tatt bilete av bygning(ar) og eigedom.

Synfaring vil verta gjennomført av representantar frå kommunen som vil vera iført refleksvestar og ID-kort frå Fitjar kommune.

Det er ikkje naudsynt at eigar er til stades under synfaringa, men om ein likevel ynskjer å vera til stades og/eller det er konkrete tilhøve De ynskjer skal vurderast i samband med takseringa så må De gje skriftleg tilbakemelding til kommunen innan 24.05.20, via e-post eigedomsskatt@fitjar.kommune.no eller post til Fitjar kommune, Postboks 83, 5418 Fitjar.

Meldinga må innehalda gardsnummer, bruksnummer, adresse og telefonnummer til skatteytar.

Eigarrepresentantar vil få eit informasjonsskriv med opplysningar om eigedomen, og må melde tilbake om dette stemmer. Det vert jobba med løysing for å kunne gje tilbakemelding via skjema på nettsida. Elles kan ein gje tilbakemelding på e-post til eigedomsskatt@fitjar.kommune.no. Tilbakemelding må sendast inn innan 09.08.20

Skattevedtak

Heimelshavar vil få tilsendt vedtak på ny takst og ny eigedomsskatt, og skattelister vil verta lagt ut til offentleg ettersyn på kommunens si heimeside innan 1.mars 2021.

Klage på vedtak

Kommunal takst: Klager på eventuell ny takst må sendast innan seks veker frå det tidspunkt skattelistene er lagt ut eller dagen skattesetelen vart sendt.

Klage vert å senda til:   Fitjar Kommune, Eigedomsskattekontoret, Postboks 83, 5418 Fitjar, evnt. e-post til fitjar@fitjar.kommune.no.

Takst frå skatteetaten: Dersom det er feil i grunnlaget hos skatteetaten må det sendast endringsmelding til skatteetaten om dette her: https://www.skatteetaten.no/person/skatt/hjelp-til-riktig-skatt/bolig-og-eiendeler/bolig-eiendom-tomt/eiendomsskatt/klage-pa-eiendomsskatten/  

Fristar for levering av endringsmelding for dei ulike inntektsåra finn ein her:

https://www.skatteetaten.no/skjema/endringsmelding/

Får du medhald hos skatteetaten, vil det bli lasta opp ei endringsfil med nye tall som tidlegast kan gjerast gjeldande ved fakturering 2. kvartal 2021.

Eigedomsskatten må betalast til forfall sjølv om du har endra opplysningane i skattemeldinga, eller har sendt inn klage på kommunal takst.