Bli med når ryddedugnaden Rein Hardangerfjord blir arrangert for tredje gang torsdag 19. september 2024.
Det vert plassert ein container ved Nattrutekaien på Leirvik, der du kan kaste søppelet du har plukka.
Ein får henta ut hanskar og søppelsekkar på Stord rådhus, mellom kl. 09.30 - 14.30.
Vi treng at aksjonsleiarar registrerer seg
Kvifor?
Dette er for at vi skal kunne bistå med koordinering av aksjonar og avfallstransport.
Det er viktig å få informasjon om kor mykje søppel som finst kvar, og kor ofte det blir rydda ulike stader. Dette er avgjerande for dei som løyver midlar til frivillige strandryddingsprosjekt, slik at dei ser kvar det faktisk blir rydda og kvar det er behov for rydding.
Spre ordet om at det er viktig at aksjonsleiarar registrerer seg – legg gjerne denne lenka på nettsidene til kommunen: https://forms.office.com/e/fWs6Qqp8CK
Vi treng fleire avfallstransportørar på land
Kvifor?
Mange av ryddelaga ryddar på land. Om vi ikkje får tak i avfallstransportørar, må ryddelaga sjølve ta hand om avfallet. Det betyr ofte at dei ikkje kan rydde meir enn dei greier å bære, og då blir det rydda mindre, og må mest sannsynleg ryddast på nytt seinare. Det beste er å ta ein skikkeleg ryddeøkt når ein først er i gang.
Spre ordet om at det er viktig at dei som kan transportere avfall registrerer seg – legg gjerne denne lenka på nettsidene til kommunen (same lenke som for aksjonsleiarar): https://forms.office.com/e/fWs6Qqp8CK Til dømes, kjenner du nokon, eller har du sjølv bil med hengar eller lasteplan som kan hjelpe til?
Har du spørsmål angåande ryddeaksjonen ta kontakt på tlf: 53458549 eller mail: vebjor@fitjar.kommune.no