Offentleg tilgjengelege dokument kan du søkje opp frå postlista, ved å trykke på PDF-ikonet til høgre for dokumenttittel i oversikta. Postlista inneheld informasjon om post til og frå Fitjar kommune.  Dokumenta blir publisert på nettsida 3 dagar etter at dei er registrert/journalført.
Innsynsretten i kommunen sine dokument er heimla i offentleglova med forskrift, og personopplysingslova.

Det er fulltekst visning av dokument som er journalført etter 10.04.2021. Innsyn i eldre dokument kan tingast gjennom innsynsløysninga 'Bestill innsyn'-knappen på dokumentet (trykk på dokumenttittel).

POSTLISTE T.O.M 2021                                      POSTLISTE FRÅ 01.01.2022            

På postlista kjem post som 

  • er saksrelevant og som krev svar frå kommunen
  • har ålmenn interesse
  • har verdi som dokumentasjon

Dokument som er unnateke offentlegheit

Dokument som etter lova er underlagt teieplikt, er unnateke offentlegheit. Om innsynsrett i offentlege dokument, sjå Offentleglova kap. 2 og 3.