I samband med vaksineringa sender Fitjar kommune innkalling til alle innbyggjarane med tilbod om vaksine.  Andre kommunar har praktisert aktiv påmelding frå innbyggjarane sjølv.  Grunna tilflytting frå andre kommunar, feil mobilnr.,  eller andre årsaker,  kan det vera at nokre få som alt skulle vore vaksinerte ikkje har fått tilbod.  Dersom det skulle vera innbyggjarar over 45 som ikkje har fått innkalling, vert desse oppmoda om å melda frå til kommunen dersom dei ynskjer vaksine.  Dette skjer ved hjelp av SMS, slik det er gjort greie for på Fitjar kommune sine heimesider.  Då skal dei bli registrert og det vert send innkalling på SMS med tid for oppmøte.

Fitjar kommune har fått tilsagn om mykje vaksine dei næraste vekene.  Det dugande vaksineteamet, som består av kommunalt tilsette og frivillige, vil stå på heile sommaren for å sikra at folk skal bli fullvaksinerte så snart som råd.