Alle som er fødd i 2004 og 2005 får tilbod om vaksine. Aldersgruppa 16-17 år skal ha eit intervall mellom 1. og 2. dose på 8-12 veker grunna god immunrespons på vaksina. 

Dei som er fødd i 2005 og fyller 16 år etter 3. september må ha begge føresette sitt samtykke før vaksinasjon. Ta med signert dokumentasjon på dette vaksinasjonsdagen. 

Dato for vaksinasjon er torsdag 2. september. Sjå koronaplakaten for korleis du melder deg på til det. 

FHi har kome ut med ny oppdatert informasjon om vaksinasjon av gravide. Sjå koronaplakaten på kommunen si heimeside og FHI for nærare informasjon.