Utval for plan og miljø vedtok i møte 07.12.2021 i sak PS 93/21 å legge mindre endring av delplan nr 16 Kråko syd-vest ut til offentleg ettersyn.  Vedtaket er fatta med heimel i PBL §§12-11 og 12-14 og reglement for Utval for plan og miljø.  Ny del av delplan vil erstatta deler av delplan nr 16 Kråko syd-vest.

Saka vert lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 28.12.2021 - 08.02.2022.  Merkader vert å senda Fitjar kommune, Postboks 83, 5418 Fitjar eller på e-post innan høyringsfristen.

Dokument i saka finn du på lenkene under:

Sak PS 93/21
Planomtale
Reguleringskart