3 dosering
Foto: Pixabay

Alle som ynskjer vaksine er velkommen til drop-in ved gjeldande dagar, sjå nedst. All vaksinasjon er ved Fitjar Kultur- og idrettsbygg

Barn og unge
Regjeringa har kome med nye føringar for vaksinasjon der dei utvidar tilbodet for barn unge. Det er ei tydeleg anbefaling for dei eldste ungdomane om at dei bør ta imot grunnvaksinasjon (2 dosar). Når det gjeld barn og yngre ungdom er det for dei fleste ei opning for, men ingen tydeleg anbefaling om vaksinasjon. 5 – 11 åringar vert vaksinert med «Pfizer», men svakare dose enn til dei over 12 år. Meir informasjon om dette finn du her. 

Barn og ungdom under 16 år må ha samtykke frå begge føresette der det er felles foreldreansvar. Om barnet ikkje har med føresette ved vaksinasjon ber me om at de tek med utfylt samtykkeskjema laga av FHI. Det gjeld også ungdom som skal ha dose 2.

Det blir gitt tilbod om vaksine fordelt på årskull ved konkrete dagar, sjå nedst

Dose 1 og 2
Om du er over 16 år og har utsett dose 1 og/eller dose 2 møt opp til dagane med drop-in.

Dose 3
Sjekk www.helse-norge.no kva tid du fekk dose 2 for rett intervall i høve dose 3. Det må gå 4,5 månader (20 veker) sidan dose 2 før du kan få dose 3. Unntaket er personar med alvorleg immunsvekking, som skal ha eit intervall på 3 månader etter dose 2.

Plan for vaksinasjon komande veker:

  • TORSDAG 20. JANUAR KL. 12.30 – 15.30
    Dose 1, 2, 3 og ungdom fødd i 2006
     
  • TORSDAG 27. JANUAR KL. 12.30 – 15.30
    Dose 1, 2, 3 og ungdom fødd i 2006
     
  • TORSDAG 03. FEBRUAR KL. 14.00 – 17.00
    Ungdom fødd 2006 -2009
    Barn fødd 2010 - 2013

Planen blir oppdatert jamleg, og kan bli justert som fylgje av vaksineleveranse. Det er berre drop-in ved vaksinasjonsdagane, ingen timebestilling. NB! Merk tidspunkt og inndeling.

Dersom ein har vore smitta av koronaviruset skal ein ikkje ta koronavaksine på minimum 3 månader.  Minner også om at det skal gå minst ei veke (7 dagar) mellom influensavaksine eller vaksine mot andre sjukdomar, og koronavaksine.

For meir informasjon, sjå FHI sine sider om koronavaksinasjon