Aktiv senior i Fitjar

Fitjar kommune ønsker at seniorar og eldre i kommunen har god livskvalitet og ein trygg alderdom.

Alle har eit ønske om å klara seg best mogleg sjølv heile livet. Då er det viktig å vera sjef i eige liv – for å gjera gode val som gir oss helsegevinst. Å førebyggja og rusta oss best mogleg for pensjonisttilvære kan bidra til mindre reparasjon – og at me får fleire gode år, både fysisk og psykisk.

Fitjar kommune har som mål å vera ein aldersvennleg kommune, der me vil leggja til rette for aktivitet og fellesskap. Gjennom eit godt sosialt nettverk kan ein hindra eller motvirka einsemd, isolasjon og passivitet. Det veit me gir helsegevinst.

Her er ei oversikt over tilbod i Fitjar som kan vera aktuelle for deg som er senior. Me vonar du finn noko som du kan engasjera deg i – og ha glede av!

I Fitjar Kulturhus

Fitjar folkebibliotek:
Fitjar folkebibliotek ligg i Fitjar Kulturhus og har desse opningstidene: Måndag og onsdag: kl. 10.00 - 14.00. Tysdag: Kl 13.00 - 18.00.
Torsdag: Kl. 13.00 -16.00 

Ein kan og nytta seg av biblioteket utanom desse opningstidene, gjennom meirope bibliotek. Då brukar ein brukar lånekort og ein pinkode for å kome inn. Ta kontakt med biblioteket i opningstida for å få tilgang.
Biblioteket arrangerer ulike foredrag. Dette blir på nettsida til biblioteket/kommunen, oppslag på kulturhuset. Fitjar folkebibliotek har eiga side på Instagram og Facebook. 
E-post: biblioteket@fitjar.kommune.no

Seniorkino:
Fitjar Kino har tilbod om kino på dagtid ca. 1 gong i månaden. Sjekk elles kinotilbodet på www.fitjarkino.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. eller på Fitjar Kulturhus si facebookside Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.. Her finn du og informasjon om andre arrangement på huset.
Kontakt Ole Bergesen tlf. 94132310.

Godtrimmen:
Eit fallførebyggjande trimtilbod for eldre, drive av frivilligsentralen. Torsdagar kl. 11.00 - 11.45 i kultursalen. Etterpå er det tilbod om kaffi med noko attåt, og drøs på seniorsenteret. 
Kontakt: Ellinor Bergesen 97143785 (dagtid)

Fitjar treningssenter:
Fitjar treningssenter ligg og i Fitjar Kulturhus 2. etasje. Her kan seniorar trena til seniorpris. ALLE kan bli medlem ved Fitjar treningssenter. 
Honnørgutane:
Tysdagar og torsdagar kl. 10.00-11.00 er det ei gruppe godt vaksne menn som trenar. Dei har det sosialt og kjekt saman! Torsdagar etter trening har dei sosialt samvær på seniorsenteret med kaffi, frukt og vaflar.
Kontakt: Fitjar idrettslag for medlemskap tlf. 458 38 712.

Trim open for alle:
Fysioterapeut Kari Raunholm har ei treningsgruppe i idrettshallen på dagtid måndagar og torsdagar kl. 10.00 til ca. 11.10.(kan variera). Her er det fokus på både kondisjon og styrke, og passar for damer som vil ha god trening i trygge former med god instruksjon.
Kontakt Kari Raunholm på tlf. 90 585 586.

Fitjar seniorsenter:
Fitjar seniorsenter har eige lokale i 2. etasje på Fitjar Kulturhus. Dei har aktivitetar for seniorar som quizkveldar og kaffistund, og samarbeider med andre frivillige om andre aktivitetar.  Seniorsenteret er ein sosial møteplass for deg som senior, og det er god plass til fleire – og du er velkommen med innspel til fleire aktivitetar!
Leiar for seniorsenteret: Atle Tornes mobil: 91133984

Uteaktivitetar:

Fredagstrimmen:
Fredagstrimmen er open for alle som har lyst å gå på tur saman med andre. Oppmøte utanfor Fitjar Kulturhus kvar fredag kl. 10.00. Lette og varierande turar på 2 timar, der ein har ein god kaffi- og matpause i lag. 
Kontaktpersonar: Kontaktperson Odd og Petra Espevoll, tlf. 53497384.

Stord-Fitjar Turlag
Stord-Fitjar Turlag arrangerer seniorturar annankvar onsdag i oddetalsveker. Målgruppa for turane er dei som har fri på dagtid, og som ynskjer varierte turar og ein sosial møteplass. Om ikkje anna er sagt, er det oppmøte for turane på parkeringsplassen ved Fitjar bedehus kl.10.00.
Turane blir annonsert i bladet Sunnhordland og er omtala på fitjarposten.no. Der vil det stå oppmøteplass, turmål og kor lang turen er.

Du kan og lesa om seniorturar på nettsida til stord-fitjar.dnt.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.. 
Kontaktar i Fitjar er Per Audun Kloster tlf. 957 43 190

Fitjar Pensjonistlag:

Fitjar Pensjonistforening er ein sosial møtestad der ein kan kjenne ein høyrer til.

Laget er medlem av Pensjonistforbundet, som er ein politisk uavhengig organisasjon som har i oppgåva å overvaka samfunnsutviklinga og skapa debatt rundt pensjonistane sine interesser.

På Fitjar har me eit aktivt lag med mange medlemmer.

Det er 8 lagsmøte i året, 4 om våren og 4 om hausten. Møta er på Fitjar bedehus, og er den 3. måndagen i månaden.

Det er alltid eit tema for kvelden, inkludert song, loddsal og god mat.

Kontakt : Sylvi Sørfonn , mobil 40408376.

Strikkekafé:

Fitjar husflidlag arrangerer strikkekafé annankvar onsdag i partalsveker i Kaffistova (tidlegare bankbygget, no blomebutikken Galleri Flora).
Neste gong kan du sjå på oppslagstavle i butikkane i Fitjar Onsdag frå kl. 11.00 - ca 13.00. Husflidlaget har og medlemskap og andre aktivitetar, blant anna handarbeids-kafé på kveldstid nokre gonger for året.
Kontakt. Leiar Lillian Malkenes 99471025

Måltidsfellesskap ved Fitjar Seniorsenter:

Onsdagar: 2 retters varm middag m/dessert og kaffi kr 140,-
Påmelding eller fast ordning, ta kontakt på  telefon: 97143785 eller 53458500 før kl 12.00 tysdag.

Fitjar frivilligsentral:

Har du lyst å engasjera deg som frivillig gjennom frivilligsentralen? Å vera frivillig er givande og gir mykje både til den som er frivillig og til den som er mottakar. Frivilligsentralen løyser mange små – og nokre større oppgåver, og er med og driv fleire aktivitetar i bygda:

  • Fitjarkompis
  • Kontaktstad for flyktningar, Fitjarkompis
  • Kaffistund på Havnahuset
  • Følgeven til ulike oppdrag (lege, tannlege, røntgen, handletur e.l.)
  • Aktive saman. I lag med elevar frå Fitjar vidaregåande skule – som tilbyr kjekke aktivitetar og hjelp til enkle daglege gjeremål i sine praksisperiodar haust og vår.
  • Seniormiddag ved Fitjar seniorsenter kl 13 00 onsdagar (påmelding dagen før). Her kan du få næringsrik og god middag til ein fin pris og eta saman med andre.

Vil du vita meir om desse aktivitetane, eller korleis bli med som frivillig: Kontakt: Leiar Ellinor Bergesen på tlf. 97143785 (08.00-15.30).

Fitjar kyrkje:

Kyrkja har tilbod om sjelesorg, soknebod og diakoni. Sokneprest Eli-Johanne Rønnekleiv,  kan kontaktast for spørsmål om heimebesøk for dei som av ulike årsaker ikkje kjem seg til kyrkje. Du vil då få høve til samtale og nattverd.
Ta kontakt på telefon: 906 53 562/534 58 524

Treng du skyss til og frå gudstenesta, kan kyrkjekontoret hjelpa til med det. 
Kontakt kyrkjeverje på tlf. 534 58 524

Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. Dei har tilbod om besøksvenn og arrangerer årlege turar om våren/sommaren.
Kontakt: Leiar i diakoninemnda

Fitjar kyrkje sine nettsider finn du her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Kontaktinformasjon til dei tilsette ved Fitjar kyrkje, finn du her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Brosjyra "Aktiv senior i Fitjar", kan du laste ned her pdf, 737 kB..

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?