Kommunevåpen - kommuneflagg
Kommunevåpenet til Fitjar kommune, vart utforma av den lokale kunstnaren Magnus Hardeland i slutten av 1940-åra.
Motivet på det originale kommunevåpenet og den seinare moderniseringa er gullhjelmen til Håkon den Gode, som han i følgje historia bar i slaget på Fitjar i år 961.
I 2017 sendte regjeringa ut forslag om forenklingar i regelverket for kommunevåpen og kommuneflagg, der ein opna for å la kommunane sjølv fastsette korleis desse skulle sjå ut.

Kommunevåpen og -flagg
Blei vedteke i formannskapet 21.02.2018 og kommunestyret 28.02.2018, ein kan lese mer i møteboka pdf, 342 kB, åpnes i nytt vindu..
Kommunevåpen blei vedteke slik:
Kommunevåpen på blå botn, vikinghjelm i gull sett frå framsida, våpen-skjold med kvit borde og gullkrone på topp.
Kommuneflagg blei vedteke slik:
Kommunevåpen på kvit duk, sentrert våpenskjold over kommunenamn i blått.
Vedtaket blei fatta med heimel i kommuneloven § 3 6).
Sist oppdatert

