hjort
Foto: Pixabay

Stord og Fitjar har i dag ein felles forvaltningsplan for hjortevilt, som gjeld for perioden 2017–2021. På grunn av endringar i sentrale lover innan hjorteviltforvaltninga og at minstearealgrensa i kommunane er sett ned til 350 dekar, er det behov for ei ny forvaltningsplan. Planen skal gjelde for perioden 2021–2024.
Formannskapet i Fitjar kommune, i sak PS 22/21 og i Stord kommune, sak PS 26/11 har vedteke å legge forvaltningsplanen ut på offentleg høyring.

Planen finn du her.

Eventuelle merknader til forslaget skal sendast innan 10. juli 2021 til: 

Fitjar kommune, postboks 83, 5418 Fitjar, eller på e-post til: fitjar@fitjar.kommune.no