Eigenberedskap er eit felles ansvar – både for innbyggjarar og verksemder
Kva gjer du dersom straumen, mobilnettet og internett blir borte i fleire dagar? Under Eigenberedskapsveka oppmodar Fitjar kommune både innbyggjarar og verksemder til å tenkje gjennom korleis dei kan klare seg dersom viktige samfunnsfunksjonar fell bort.
– Me lever i eit samfunn der me er vane med at det meste fungerer. Men uventa hendingar kan oppstå, og då er det viktig at me alle er best mogleg førebudde, seier ordførar Wenche Tislevoll.
Alle bør kunne klare seg sjølve i ei veke
Norske styresmakter tilrår at alle husstandar er førebudde på å klare seg sjølve i minst éi veke dersom ei krise oppstår.
Brann- og beredskapsleiar Trond Helge Søreide understrekar at eigenberedskap er ein viktig del av den samla beredskapen i kommunen.
– Ved ei større hending kan både kommunen, helsevesenet og naudetatane få svært mange oppgåver samtidig. Då er me heilt avhengige av at flest mogleg innbyggjarar kan ta vare på seg sjølve og sine næraste. Det gjer at me kan prioritere ressursane våre til dei som treng hjelpa mest, seier Søreide.
Eigenberedskap treng ikkje vere komplisert eller kostbart. Det viktigaste er å ha tenkt gjennom kva ein treng dersom straumen blir borte, butikkane stengjer eller det ikkje lenger er mogleg å bruke mobiltelefonen.
– Sørg for å ha nok drikkevatn, mat, nødvendige medisinar og tilgang til varme og lys. Ein batteridriven DAB-radio er òg viktig for å kunne få informasjon frå styresmaktene dersom mobilnettet og internett fell ut, seier Søreide.
Han oppmodar også innbyggjarane til å samarbeide med familie, vener og naboar.
Eigenberedskap gjeld også verksemder
Fitjar kommune ønskjer å minne om at eigenberedskap ikkje berre handlar om kva me har i heimane våre.
– Også næringslivet og andre verksemder må vere førebudde på at viktige tenester kan falle bort. Kva skjer dersom straumen forsvinn, betalingssystema sluttar å fungere eller ein ikkje får kontakt med tilsette og leverandørar? Dette er spørsmål alle verksemder bør ha tenkt gjennom, seier Søreide.
Kommunen øver på å handtere alvorlege kriser
Måndag 19. oktober deltok Fitjar kommune i den nasjonale øvinga «Noreg øver», der temaet var ei alvorleg tryggleikspolitisk krise og krig. Gjennom ei diskusjonsøving fekk den kommunale kriseleiinga, saman med representantar frå blant anna politiet og Heimevernet, drøfte korleis kommunen skal handtere ein krevjande situasjon, og korleis ulike aktørar kan samarbeide.
– Øvinga synleggjorde kor viktig det er at me er førebudde, både som kommune og som samfunn. Kommunen må planleggje for å kunne oppretthalde kritiske tenester også under svært krevjande forhold. Samtidig er me avhengige av at innbyggjarar og verksemder tek ansvar for sin eigen beredskap, seier Søreide.
Kommunen har etablert eit informasjonspunkt
Fitjar kommune har utarbeidd ein eigen plan for langvarig bortfall av elektronisk kommunikasjon (EKOM), som omfattar mobilnett og internett.
Som ein del av denne beredskapen har kommunen lagt til rette for å kunne opprette eit bemanna informasjonspunkt ved hovudinngangen til Fitjar bu- og behandlingssenter.
Informasjonspunktet kan takast i bruk dersom dei vanlege kommunikasjonskanalane fell bort over lengre tid.
– Her skal innbyggjarane kunne få kontakt med kommunen, få hjelp til kontakta naudetatane dersom dei ikkje kan nå desse på vanleg måte, samt få viktig informasjon, forklarer Søreide.
Han understrekar samtidig at informasjonspunktet er ei reserveløysing som berre skal nyttast ved behov. Det er ikkje meininga at alle skal møte opp på informasjonspunktet for å få oppdateringar. Innbyggjarane skal i størst mogleg grad halde seg heime, ta vare på seg sjølve og sine næraste, og følgje informasjon frå styresmaktene gjennom NRK radio eller tilgjengelege kanalar. Informasjonspunktet er først og fremst for dei som har eit nødvendig behov for hjelp eller kontakt.
Møt oss under Eigenberedskapsveka
Neste veke, frå 26. oktober til 1. november, blir Eigenberedskapsveka arrangert over heile landet. I år har nasjonale styresmakter særleg merksemd på bortfall av mobilnett og internett. Dette blir òg eit sentralt tema i Fitjar, og det vil bli hengt opp plakatar med informasjon om kommunen sitt informasjonspunkt fleire stader i kommunen.
Me oppmodar alle til å følgje den nasjonale opninga av Eigenberedskapsveka måndag 26. oktober kl. 11.00–12.00. Sendinga kan følgjast digitalt via lenkja under.
Egenberedskapsuka 2026 - åpning | Mediaflow Lenke til et annet nettsted.
Torsdag 29. oktober kl. 16.00–18.00 vil kommunen vere til stades i Fitjar sentrum for å informere om eigenberedskap, bortfall av elektronisk kommunikasjon og kommunen sitt informasjonspunkt. Det vil bli ein kunnskapskonkurranse der du kan vinne ein beredskapsradio og høve til å sjå den splitter nye brannbilen vår!
Me oppmodar innbyggjarane til å ta turen innom for ein prat om korleis me saman kan gjere lokalsamfunnet betre førebudd på kriser.
Eit felles ansvar
Ordføraren håpar Eigenberedskapsveka kan bidra til at fleire tek nokre enkle grep for å styrkje sin eigen beredskap.
– Me skal ha ein god kommunal beredskap, men kommunen kan ikkje løyse alle utfordringar for alle samtidig dersom ei større krise oppstår. Difor er det viktig at kvar enkelt av oss tek ansvar for å vere førebudd, seier Tislevoll.
– Eigenberedskap handlar ikkje om å skape frykt, men om å skape tryggleik. Små førebuingar i kvardagen kan gjere ein stor forskjell når noko uventa skjer, avsluttar Søreide.
Les meir:
- Råd om eigenberedskap – Sikker kvardag Lenke til et annet nettsted.
- Råd om eigenberedskap Fitjar kommune Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Råd om eigenberedskap for verksemder Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Informasjon om kommunen sitt informasjonspunkt ved bortfall av mobilnett og internett. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert


%2012.jpg)
Kjelde: DSB

Kjelde: DSB
