Mellombels stans i fakturering av tryggleikalarm

Kommunen har fram til no teke eigenbetaling for trykkleiksalarm. Helsedirektoratet har i brev til alle kommunane i landet, datert 23.09.26, presisert regelverket. 

 Jamfør denne presiseringa, er det ikkje kva teneste teknologien erstattar som er avgjerande, men kva behov den skal dekka.

Egenbetaling for trygghetsalarm - Presisering av regelverk pdf, 139 kB.

Dersom kommunen vurderer at ein person har behov for tryggleiksalarm for å få nødvendig helse hjelp, kan ikkje kommunen krevja eigenbetaling.

Kommunen har med dette stoppa fakturering av eigenbetaling for tryggleiksalarm, samt starta arbeidet med å gjennomgå alle avtalar og vedtak om tryggleiksalarm.

Det vil bli gjort konkrete og individuelle vurderingar.


Sist oppdatert

Trygghetsalarm og fakturering
Fann du det du leita etter?