Informasjon om

Vaksenvaksinasjons-programmet 2026-2027

Frå 1. juni 2025 vart vaksenvaksinasjonsprogrammet ein del av Forskrift om nasjonalt vaksinasjonsprogram. Programmet gjeld for alle over 65 år, samt barn og vaksne i definerte risikogrupper. 

For meir informasjon om kven som blir tilrådd vaksinasjon, sjå nettsidene til Folkehelseinstituttet (FHI). Lenke til et annet nettsted.

Leveringa av vaksinar er forseinka i år, og vaksineringa vil derfor starte i november.

Vaksinar som inngår i programmet:

Influensavaksine  Tilrådd for:

  • Personar som er 65 år eller eldre
  • Personar under 65 år som høyrer til ei risikogruppe

Koronavaksine Tilrådd for:

  • Personar som er 65 år eller eldre
  • Personar under 65 år som høyrer til ei risikogruppe
  • Husstandsmedlemmer til personar med nedsett immunforsvar

Pneumokokkvaksine

(Beskyttar mot lungebetennelse)

Tilbodet gjeld personar fødde i 1960 og 1961.

Prisar på vaksinar i vaksenvaksinasjonsprogrammet 2026-2027

  • Influensavaksine: Kr 308,-
  • Koronavaksine: Kr 110,-
  • Pneumokokkvaksine (VVP): Kr 110,-

Pris ved samvaksinering

  • Influensa- og koronavaksine: Kr 393,-
  • Influensa- og pneumokokkvaksine: Kr 393,-
  • Korona- og pneumokokkvaksine: Kr 170,-
  • Influensa-, korona- og pneumokokkvaksine: Kr 478,-

_____________________________________________________________________________

Pneumovax utanfor vaksinasjonsprogrammet

Pneumovax krev resept frå fastlege og må hentast på apotek.

Pris for administrering:

  • Kr 85.- ved samvaksinering
  • Kr 200,- ved berre Pneumovax

 

Velkomen til vaksinasjon i Fitjar kommune! 💉

Sist oppdatert

Helsestasjonen:
Helsestasjonen tilbyr vaksinasjon til innbyggjarar i Fitjar kommune i veke 47 og 48.

Adresse: Gamle Havnavegen 23, 5419 Fitjar

Timebestilling: Telefon 480 48 730 eller via Helse Norge.


Fitjar legesenter:
Personar som allereie har kontrolltime ved Fitjar legesenter, kan få vaksine i samband med legetimen og treng ikkje bestille eigen vaksinasjonstime.

For timebestilling eller spørsmål, ta kontakt med Fitjar legesenter:

Telefon: 53 45 71 90 eller via Helse Norge

Fastlege i annan kommune?
Bur du i Fitjar kommune, men har fastlege i annan kommune, kan du få tatt vaksinen på Fitjar legesenter.
Ta kontakt med legesenteret på telefon
53 45 71 90.

Fann du det du leita etter?