Har du erfaring med hjorteskadar i Fitjar?
Fitjar kommune arbeider med ei sak om eventuell lokal forskrift for bruk av termiske og nattoptiske siktemiddel ved jakt på hjort. Tilbakemelding, frist 15.10.2026.
Som ein del av kunnskapsgrunnlaget ønskjer kommunen å kartleggje omfanget av skadar og ulemper hjort medfører i kommunen. Vi oppmodar difor grunneigarar, jordbruksføretak, skogeigarar og andre som eig eller disponerer areal til å dele sine erfaringar.
Vi ønskjer informasjon om mellom anna:
- skadar på jordbruksareal, avlingar og innmarksbeite
- skadar på skog og skogproduksjon
- skadar på gjerde, eigedom eller andre innretningar
- andre ulemper knytte til hjorteførekomst i området
Tilbakemeldingane vil vere eit viktig bidrag til kommunen si vurdering av om hjorteførekomsten medfører utfordringar av eit slikt omfang at dei kan vere relevante ved behandlinga av forskrifta.
Svar på spørjeundersøkinga her: lenke til spørjeundersøking Lenke til et annet nettsted.
Frist for innsending er 15.10.2026.
Vi takkar for alle tilbakemeldingar.
Sist oppdatert
Svar på spørjeundersøkinga her: lenke til spørjeundersøking Lenke til et annet nettsted.
Frist for innsending er 15.10.2026.
Vi takkar for alle tilbakemeldingar.

