Fitjar kraftlag SA har fått løyve til mellombels fråvik frå manøvrerings-reglementet for å senke vasstanden i Olstjørna.
NVE gir løyve til at Fitjar Kraftlag SA kan senke vasstanden i Olstjørna til 2,5 m under LRV i inntil éi samanhengande veke i perioden 05.08.2026–03.10.2026.
NVE legg vekt på at tiltaket er nødvendig for å utbetre inntaksarrangementet til Rimbareid kraftverk, og at perioden med senka vasstand skal vere kort. Senkinga vil føre til mellombels tørrlegging av store delar av Olstjørna og kan redusere vassføringa i Fitjarelva, men NVE meiner at verknadene kan avgrensast dersom dei gitte vilkåra blir følgde.
NVE gir løyve etter vassressurslova § 8 til at Fitjar Kraftlag SA kan senke vasstanden i Olstjørna inntil 2,5 m under LRV, i inntil éi samanhengande veke i perioden 05.08.2026–03.10.2026.
Meir informasjon på NVE sine sider Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
Sist oppdatert
Forstørr bildetKjelde: NVE
