Kulturmidlar
Fitjar kommune deler årleg ut kultur- og frivilligmidlar til lag og organisasjonar som bidreg til aktivitet, deltaking og eit levande lokalsamfunn. Mynde til fordeling er delegert til kulturkontoret.
I sak 23/26, vart det lagt fram forslag om å gå bort frå tidlegare ordning der kulturmidlane i hovudsak vart fordelte som driftstilskot. Bakgrunnen for dette var mellom anna at ramma for kulturmidlar over tid er vesentleg redusert, og sidan 2020 har ho vore på kr. 50 000 årleg. Dette har gjort det krevjande å oppnå god effekt gjennom generell fordeling.
Følgande vedtak vart fatta i kommunestyret 18.06.2026 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.:
1. Fitjar kommune vedtek kriteria for tildeling av kulturmidlar slik dei ligg føre i saka.
2. Kulturmidlane skal frå og med 2026 fordelast som prosjektmidlar i tråd med vedtak i sak 23/26.
3. Ordninga vert kunngjort på kommunen si heimeside, og det vert opna for løpande søknader gjennom året.
4. Oversikt over tildelte midlar kunngjerast på kommunen si heimeside seinast når alle midlane er tildelt, eller ved årsskiftet.
Kriteria for kulturtilskot i Fitjar kommune, finn du her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
Sist oppdatert
Kontaktinformasjon:
Kultursjef Bente Bjelland
Mobil: 476 86 208>
E-post: bebj@fitjar.kommune.no

Kjelde: Pixabay
