Folkehelseoversikt for Fitjar kommune (2025)
Fitjar kommune har no vedteke og publisert si ei samla folkehelseoversikt. Dokumentet gir eit heilskapleg bilete av helsetilstanden i befolkninga og dei viktigaste faktorane som påverkar helse og livskvalitet i kommunen.
Folkehelseoversikta er utarbeidd i perioden januar–desember 2025, i tråd med krava i folkehelselova (§§ 5–7). Oversikta skal vere eit sentralt kunnskapsgrunnlag for kommunen si planlegging, prioritering og utvikling av tenester.
Arbeidet er leia av kommuneoverlegen og byggjer på:
- nasjonal og regional statistikk
- kommunale data
- kvalitative innspel frå tenester og fagmiljø
Fitjar er ein liten kommune, og statistikk må tolkast med varsemd. Oversikta er difor vurdert i lys av lokal kunnskap og fagleg skjønn.
Kva viser oversikta?
Fitjar har i hovudsak gode levekår og gode føresetnader for god helse, med mellom anna:
- høg levealder
- små sosiale forskjellar
- trygge nærmiljø og gode friluftsområde
Samtidig peikar oversikta på fleire viktige utviklingstrekk:
- auke i psykiske plager blant barn og unge
- teikn til låg fysisk aktivitet og uheldige levevanar
- aukande førekomst av overvekt
- sosial sårbarheit i enkelte grupper
- demografiske endringar med fleire eldre og færre barn
Kvifor er dette viktig?
Folkehelse blir i stor grad påverka av forhold utanfor helsetenestene – som oppvekstvilkår, skule, bustad, arbeid og nærmiljø. Oversikta skal difor nyttast aktivt i kommunen si vidare planlegging, mellom anna i:
- kommunal planstrategi
- kommuneplan
- temaplanar og utviklingsarbeid
- økonomiplan og budsjett
Målet er å leggje til rette for gode liv gjennom heile livsløpet, og styrkje det førebyggjande arbeidet i kommunen.
👉 Les folkehelseoversikta her: https://pub.framsikt.net/plan/fitjar/plan-cc91265a-efff-4376-99fc-faecea4cace8-33640/ Lenke til et annet nettsted.
Sist oppdatert

