Framtidig struktur i helsesektoren
Til liks med alle kommunar står Fitjar kommune overfor ein situasjon der behova for helsetenester endrar seg. Folketalet er venta å auka noko i åra som kjem, og aldersgruppa 80+ er venta å stiga kraftig.
Me ventar at etterspurnaden etter omsorgstenester vil auka, men samstundes vert det færre personar som kan yta hjelpa. Det vert og færre personar å fordela finansieringa av tenestene på.
Dette medfører at kommunen må sjå både på kva tenester me skal tilby, og korleis me skal klara å tilby desse. Kommunen må kort og godt leggja ein plan for korleis me skal organisera tenestetilbodet i framtida. Viktige faktorar her er
- Korleis skal drifta vera
- Kva skal omfanget av tenestene våre vera
- Korleis skal me husa tenestene våre.
På bakgrunn av dette har Fitjar kommune fått konsulentselskapet HRP til å utarbeida ein rapport med tilrådingar om korleis kommunen bør leggja opp helsetenestene for å kunna møta dei utfordringane me ser vil koma.
Sist oppdatert
Forstørr bildetKjelde: Utgreiing - Framtidig struktur i helsesektoren - Fitjar kommune
