Informasjon ombygging Rimbareid vassverk prosessanlegg
Fitjar kommune skal til med ombygging av Rimbareid vassverk. Arbeidet er heilt nødvendig for å sikre framtidig kapasitet, stabil drift og trygg leveranse av drikkevatn framover.
Prosjektet er planlagt og tilrettelagt slik at kommunen skal kunne oppretthalde 24/7 produksjonsdrift i heile ombyggingsperioden.
Det er likevel viktig å vere ærleg om at det alltid vil vere ein viss risiko for mellombels bortfall av vatn, dersom det skulle oppstå ein uventa situasjon i anleggsperioden. Tidslinja for gjennomføring av arbeidet er frå veke 17 og sluttført veke 28, og med prøvedrift utover hausten.
KVIFOR OPPGRADERER KOMMUNEN?
• Betre produksjon, driftstryggleik og stabilitet
• Moderne prosessutstyr
• Sikrare hygieniske barrierar
• Redusert risiko for driftsstans i framtida.
KVIFOR ER OMBYGGINGSPERIODEN SÅRBAR?
• Vassverket vil bli drifta via eit midlertidig løysning medan det permanente anlegget byggjast om.
• Kapasiteten i den midlertidige løysinga er god, men ikkje like robust som den permanente.
• Høg produksjonsbelastning på midlertidig løysning kan gjere både drift og beredskap meir krevjande.
• Ved uføresett hendig, eller eit teknisk avvik kan kommunen få behov for å redusere produksjon, eller gjennomføre raske tiltak som påverkar vassleveransen.
KVA KAN DU SOM ABONNENT BIDRA MED?
For å halde vassproduksjonsbehovet lågast mogleg, oppmodar Fitjar kommune alle innbyggjarar og verksemder til å bidra i denne perioden:
• Ikkje gjennomfør unødvendig tapping av vatn.
• Unngå å ha kranar, eller slangar rennande utan grunn.
• Utsett, og gjerne reduser større vasskrevjande aktivitetar dersom mogleg, spesielt bedrifter og landbruk.
FØREBUING VED UØNSKT SITUASJON
Som eit førebyggande tiltak rådar Fitjar kommune alle til å ha drikkevatn reserve i heimen:
• Fyll opp plastkanner med drikkevatn.
• Oppbevar vatnet kjølig og mørkt.
Dette betyr ikkje at kommunen forventar langvarige avbrot, men god beredskap hos innbyggjarane gjer også at kommunen er betre rusta dersom ei uventa hending skulle oppstå.
TAKK FOR FORSTÅING OG HJELP
Fitjar kommune set stor pris på at alle innbyggjarane viser forståing og bidreg ved å redusere forbruket i denne perioden. Saman sikrar me då at vassforsyninga er stabil og fungerer best mogleg under ombygginga.
Med venleg Helsing
Fitjar Kommune
Samfunnsutvikling og drift
Sist oppdatert

Kjelde: Pixabay
