Kvitt deg med gamle fritidsbåtar, heilt gratis
I Noreg finst det over éin million fritidsbåtar, og mange av dei inneheld miljøfarlege stoff.
Difor skal alle utrangerte båtar leverast til godkjende mottak for gjenvinning og destruering.
Gjennom prosjektet Båtvrak-Noreg Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. kan du som båteigar få båten henta – heilt kostnadsfritt. Tilbodet gjeld for plastbåtar, trebåtar, kajakkar, brett og liknande – med eller utan motor – så lenge båten er under 49 fot og veg maks 3 tonn.
Slik gjer du det:
- Gå inn på batvrak.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. og meld inn båten.
- Du får beskjed om kvar og korleis båten kan leverast.
- Viking Gjenvinning AS hentar båten din gratis – på Karmøy er dei lokalisert på Avaldsnes.
- Du kan òg få 1 000 kroner i vrakpant gjennom Miljødirektoratet si refusjonsordning. Les meir om dette på nettsidene til Viking Gjenvinning AS Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
For større båtar enn 49 fot eller over 3 tonn, ta direkte kontakt med Viking Gjenvinning Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. for eit uforpliktande tilbod.
Ser du eit forlatt båtvrak?
Veit du om ein forlaten båt eller eit båtvrak i kommunen? Tips oss!
Sist oppdatert

Foto: Viking Gjenvinning AS

Foto: Viking Gjenvinning AS
