Informasjon frå legevaktsjefen:
Fleire heilagdagar etter kvarandre der fastlegekontora er stengde, er ei oppskrift på travle dagar for legevakta.
Legevakta minner deg om å fornye reseptar via eigen fastlege i god tid før påske. Dei tilrår òg at du ringer før du møter opp, slik at legevakta kan avklare riktig oppfølging.
Legevaktsjefen sine råd til innbyggjarane:
Sørg for å ha smertestillande og febernedsettande medisinar som Paracet og Ibux heime eller med på reise.
Det er òg lurt å ha nesespray, termometer og plaster/strips tilgjengeleg.
No er det tid for mange luftvegsinfeksjonar. Det har òg vore mykje omgangssjuke med oppkast og diarè i det siste. God handhygiene er derfor svært viktig.
Hugs allergimedisin dersom du har pollenallergi. Hassel er tidleg ute, og med påskesol og varmt vêr kan spreiinga auke.
Hugs solkrem og gnagsårplaster dersom du planlegg å vere mykje ute og i aktivitet.
For barnefamiliar er det spesielt viktig å følgje med på barn sin allmenntilstand, inkludert kontaktevne, leikelyst, væskeinntak, bleieskift, hudfarge, pustemønster og våkenheit.
Ved feber hos spedbarn under tre månader skal lege alltid kontaktast umiddelbart.
Forsøk å ha følgjande tilgjengeleg når du ringer legevakta:
• Fullt namn
• Fødselsdato og personnummer
• Dine faste medisinar og sjukdomar
• Vi oppmodar deg til å måle kroppstemperaturen dersom du trur du har feber.
Ved ankomst til legevakta:
Meld deg i ekspedisjonen ved ankomst, uavhengig av om du har ringt på førehand.
Alle pasientar blir vurderte for konsultasjon etter hastegrad. Dette kan medføre forseinkingar, og at timen din blir endra ved ankomst legevakta. Lege på vakt kan bli kalla ut på akutte hendingar, og pasientar med behov for øyeblikkeleg hjelp kan kome med ambulanse til legevakta.
Vi ber pasientar om å ikkje ta med fleire personar enn det som er strengt naudsynt til legevakta. Hovudregelen er at barn og pasientar som treng bistand kan ha med éin ledsagar. Dette er viktig for at dei som er sjuke skal få best mogleg ventetilhøve på legevakta, og av omsyn til smittevern.
I desse tilfella ber helsetenesta deg alltid ta kontakt med fastlegen først:
• Behov for sjukmelding/forlenging av sjukmelding
• Fornying av reseptar
• Behov for legeattest
• Kroniske tilstandar utan akutt forverring
Dersom du er uroa for eiga eller andre si helsetilstand, og det ikkje kan vente til fastlegen opnar, kontakt legevakta på telefon 116 117.
Er det akutt fare for liv og helse, skal du ringje 113.
Med venleg helsing
Agata Kapuscinska
Dagleg leiar
Sunnhordland interkommunale legevakt IKS
Døgnavdeling IDA
Tlf: 53233053/ 40729263
Sist oppdatert

Kjelde: Sunnhordlad interkommunale legevakt
