Informasjon frå skyss om ny app
Frå 9. mars kjem Skyss med ein heilt ny app der ein kan planlegge kollektivreisa og kjøpe billett på same stad.
Sidens brødtekst bør være enkel å forstå og kortfattet. Del gjerne op teksten i kortere stykker for å underlette lesingen och tenk på å fortelle det viktigste først.
Fakta og informasjon om appen
- Den nye appen heiter Skyss
- Den er ei samanslåing av tre appar: Skyss Reise, Skyss Billett og Skyss Bestilling
- Alle som har den gamle appen Skyss Reise på mobilen sin, vil motta den nye appen automatisk gjennom ei oppdatering
- I ny app kan ein både planlegge kollektivreisa og betale for billetten, for alle reiser med Skyss (bybane, buss og båt) i heile Vestland fylke
- Ein kan bruke den gamle appen Skyss Billett ei stund til. Dersom du har ein gyldig billett i Skyss Billett, kan du vente til denne går ut før du begynner å kjøpe billettar i ny app.
- Ein kan ikkje flytte billettar frå Skyss Billett til ny Skyss-app. Ein får heller ikkje flytta opparbeidd reiserabatt frå den gamle til den nye appen.
- Appen Skyss Bestilling vil også fungere parallelt med den nye appen ei tid framover, slik at ein kan velje om ein vil bruke Skyss eller Skyss Bestilling for å bruke bestillingsbuss i dei områda som har dette.
Av tekniske grunnar vil ikkje alle brukarar få oppdatering til den nye appen på sjølve 9. mars. Utsendinga av ny app vil skje over ein to-vekers-periode. iPhone-brukarar treng ikkje å vente på tur, men kan sjølv velje å laste ned den nye appen frå Appstore.
Finn meir informasjon på skyss sine sider her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..
Sist oppdatert
Fann du det du leita etter?
