Påvisning av påvist høgpatogen fugleinfluensa (HPAI)

Det er påvist høgpatogen fugleinfluensa (HPAI) på fleire svanar og andefuglar i Bergen og Øygarden. Ved slike utbrot vil det vera ein risiko for at smitten breier seg. Førebels er det ikkje noko som tyder på utbrot hjå oss, men me vil vera føre var.

Kva skal ein gjere ved funn av sjuk eller daud fugl?
Grunnregelen er å late fuglen ligge i fred, ikkje ta på den. Har du med hund, så hald den vekk frå fuglen.

Dersom du finn daud fugl i hagen eller tettbygde strok, kan du grave den ned, eller samle den i dobbel avfallspose og legge den i restavfallet. Bruk hanskar, og vask henda grundig med såpe og vatn etterpå. Daude fuglar skal aldri kastast i matavfallet.

NB! Dersom det vert utbrot eller mistanke om utbrot av fugleinfluensa skal ein ikkje kaste fuglane i restavfallet. I så tilfelle vil det koma ny informasjon på kommunen sine heimesider.

De kan finna meir informasjon på Mattilsynet sine heimesider:

Spørsmål og svar om fugleinfluensa - Mattilsynet Lenke til et annet nettsted.

Fugleinfluensa - Mattilsynet Lenke til et annet nettsted.


Smitterisiko?

Influensaen smittar lett mellom villfuglar via avføring eller sekret frå øvre luftvegar. Det er svært låg risiko for at smitten vert overført til menneske, kattar eller hundar, men større risiko for smitte til tamfuglar.

De kan finna meir informasjon om smitteførebygging hjå FHI. Lenke til et annet nettsted.


Kva gjer kommunen?

Fitjar kommune har beredskap på eit eventuelt utbrot i vårt område. Dersom talet på daude fuglar vert så omfattande at ein mistenkjer eit utbrot av fugleinfluensa, vil kommunen iverksette innsamling og destruksjon av fuglane. Personar som skal samle inn fuglar må ha tilstrekkeleg smittevern i form av verneklede, pustemaske, briller og hanskar. Fuglane vil verta lagra på en sikker måte fram til henting og destruksjon på forbrenningsanlegg.


Andre tiltak for å forhindre smitte

Det er pr. no ikkje grunn til å unngå mating av fuglar. Det kan like vel vera greitt å merka seg at mating av fuglar i parkar og ved innsjøar kan føre til at smitte spreier seg lettare. Dette då det fører til samling av fleire fuglar på mindre område, som kan auka smitterisikoen mellom ulike artar og grupper.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?