Ny løysing for eigenregistrering av eigedomsopplysningar, blir opna for heile landet 9. februar 2026.
No kan du registrere opplysningar om eigedomen din.
No kan alle eigarar og festarar av bustad eller fritidsbustad i Noreg sjølve registrere opplysningar i Eigedomsregisteret hos Kartverket.
Eigedomsregisteret er det nasjonale registeret over norske eigedomar. Her finn du informasjon om grenser, bygningar, adresser og eigartilhøve.
Kvifor er dette viktig?
Opplysningar frå Eigedomsregisteret blir brukte dagleg av privatpersonar, næringsliv og offentlege styresmakter. Kommunen registrerer opplysningar som ein del av arbeidet sitt. Sidan rutinar har variert over tid, kan enkelte data mangle eller vere utdaterte.
No kan du som eigar eller festar gjere ein forskjell:
Ved å oppdatere opplysningar om bustaden eller fritidsbustaden din, bidreg du til å sikre at dei er korrekte. Det kan gi deg riktigare vilkår for lån, forsikring, skatt og avgifter. Samstundes får mellom anna naudetatar, planleggarar og andre aktørar eit betre grunnlag for viktige avgjerder. Dette kjem både deg og lokalsamfunnet ditt til gode.
Slik gjer du
Du kan registrere opplysningar om byggeår, vatn, avløp, energi, oppvarming og bruksareal. Desse opplysningane kan du finne i salsoppgåver, kommunale vedtak og takstrapportar, eller du kan bruke di eiga kjennskap til bustaden.
Eigenregistreringa er frivillig og skjer gjennom ei sikker sjølvbeteningsløysing utvikla av Kartverket. Du blir ikkje beden om å laste opp dokumentasjon.
- Gå til Eigedomsregisteret hos Kartverket:
https://eiendomsregisteret.kartverket.no/ Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. - Logg deg inn via ID-porten og sjå gjennom dei opplysningane som allereie er registrerte.
- Registrer det du meiner er riktig.
- Oppdater dine tidlegare registrerte opplysningar dersom noko endrar seg.
Opplysningane du registrerer, vil ikkje overskrive det kommunen har ført inn. Dei blir viste parallelt med dei andre eigedomsopplysningane og kan brukast av både offentlege og private verksemder.
Kven kontaktar du ved spørsmål?
Har du spørsmål om innlogging eller praktisk gjennomføring, kan du kontakte Kartverket her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.. Dersom du oppdagar feil eller manglar i dei offentleg registrerte opplysningane om eigedomen din, må du kontakte kommunen for å få dei retta.
Ta kontakt med kommunen via telefon: 534 58 500 - tasteval byggesak eller send epost til: fitjar@fitjar.kommune.no
For mer informasjon, se https://mineiendom.kartverket.no/kom-i-gang Lenke til et annet nettsted..
Sist oppdatert

