Søknad om barnehageplass

Barnehageåret 2026/2027

  • Barn som fyller eitt år innan utgangen av august det året det vert søkt om barnehageplass, har etter søknad innan fristen for hovudopptaket rett til å få plass i barnehage innan august.

  • Barnet har rett til plass i barnehage i den kommunen det er busett.

  • Retten gjeld i kommunen, ikkje i ein bestemt barnehage.

  • For barn med rett til prioritet er det inga nedre aldersgrense.

Regjeringa ynskjer å gje fleire barn rett på barnehageplass. Departementet har utvida retten til barnehageplass. Det betyr at barn fødd i september, oktober og november vil ha rett til barnehageplass den månaden dei fyller eitt år.


Generell søknadsfrist er 1.mars 2026.


Søknadsskjema finn de her:
Søk/endre barnehageplass - Fitjar Kommune Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Kommunen kan oppfylla retten til barnehageplass på tre måtar:

  1. Barnet får første ynskje oppfylt
  2. Barnet får andre ynskje oppfylt
  3. Barnet får eit tilbod i annan barnehage

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?