Utdanningsmessa 2026
Utdanningsmessa 2026 – takk for to flotte messedagar!
Utdanningsmessa 2026 er no gjennomført, og Fitjar kommune vil gjerne takka alle som tok turen innom standen vår. Det vart to svært vellykka messedagar med godt besøk, gode samtalar og mykje engasjement frå både elevar og lærarar og andre besøkande.
Over 274 var innom og deltok i quizen vår. Av desse var det 54 deltakarar som hadde alle svara rett. Blant desse vart Alida Fahlen frå Nysæter ungdomsskule trekt ut som den heldige vinnaren av ein flott iPad.
Vi gratulerer Alida så mykje – og takkar alle andre for innsatsen!
Fitjar kommune ser fram til å delta igjen neste år. Takk for to kjekke og inspirerande messedagar!

Alida Fahlen frå Nysæter ungdomsskule
Sist oppdatert
Fann du det du leita etter?


