Røykeforbod på leikeplassar og utandørs idrettsområde
Frå 1.januar 2026 er det forbudt å røyke på leikeplassar og utandørs idrettsområde.
Helsedirektoratet melder om at det frå 1.januar 2026 er er forbudt å røyke på leikeplassar og utandørs idrettsområde. Røykeforbodet gjeld også for e-sigaretter/vaping.
Hovudformålet med å utvida røykeforbudet til desse områdene, er å beskytta born mot passiv røyking.
Røykeforbod på utandørs leikeplassar
Røykeforbodet gjeld på leikeplassar der allmennheita har adgang. Med leikeplass meinast
• eit område, opparbeida eller naturleg, som er tilgjengeleg og tilrettelagt for borns leik.
Vurderinga av kvar grensene til leikeplassen går, må gjerast konkret i kvart enskild høve.
Sentralt i vurderinga er at born og unge skal beskyttast mot passiv røyking.
Kva leikeplassar er ikkje omfatta av røykeforbodet:
• Leikeplass som bare er tilgjengeleg for ein avgrensa krets av personar. Eksempel på dette er burettslag og sameige, forutsatt at det framgår tydeleg at allmennheita ikkje har tilgang (ved skilt, inngjerding eller liknande).
Røykeforbod på utandørs idrettsområde
Røykeforbodet gjeld på område utandørs som er
• opparbeida for eller
• tilpassa med det formål at det skal brukast til idrett
Dette kan for eksempel vera ein fotballbane eller friidrettsbane.
Eventuell tilskodarstad på tribunar og sidelinje, samt utandørs garderobe og klargjeringsstad for utøvarar er også omfatta av røykeforbodet.
Område der røykeforbodet gjeld er ikkje avgrensa til ein arena eller stadion, men kan også omfatte eit mindre areal meint for idrett, som ein mindre basketballbane utan avsatt plass for tilskodarar.
Det er ikkje eit krav at område er inngjerda. Det er opp til kommunen å vurdere konkret kvar dei ytre grensene for idrettsområde går. Sentralt i vurderinga er at born og unge som ferdast på idrettsområdet, skal beskyttast mot passiv røyking.
Områdea skal vera røykfrie også når desse vert brukt til andre formål enn idrettsutøving, for eksempel konsertar eller markeringar.
Kva idrettsområde utandørs er ikkje omfatta av røykeforbodet:
• Område som kun er meint å gi befolkninga offentlege rom å opphalde seg i på fritida, for eksempel parkar og byrom med bordtennisbord eller boccia-bane.
• Område som er tilrettelagt for fleirbruk, ofte i tilknytning til turområde. Dette kan være eit friluftsområde som brukast til terrengløp, orientering, skiløyper eller frisbeegolf.
Kven er ansvarleg for at røykeforbodet på leikeplassar og utandørs idrettsområde vert
overheldt?
Det er den ansvarlege for område som skal sørgja for at røykeforbodet vert overheldt. Dette kan vera eigar, drivar, eller andre som er ansvarleg for området.
Det skal markerast med tydelege skilt at røyking er forbode på stader der det kan vera tvil om dette.
Den ansvarlege for området kan be folk om å slutta å røyke og vise bort personar som røyker fra området.
Sanksjonar ved brot på røykeforbodet på leikeplassar og utandørs idrettsområde
Kommunen kan gi pålegg om retting og tvangsmulkt ved brot på røykeforbodet. Det er den ansvarlege for området som kan ileggast reaksjonar, ikkje kvar enkelt røykar.
Den ansvarlege for området kan klaga på kommunens vedtak til Statsforvalteren.
Regelverket
Stortinget vedtok i juni 2025 eit forbod mot røyking på leikeplassar, utandørs idrettsområder og i private kjøyretøy der det er born under 18 år til stades. Politiet fører tilsyn med at røykeforbodet vert
overheldt i private kjøretøy der det er born under 18 år til stades.
Forbodet mot røyking på leikeplassar og utandørs idrettsområder står i tobakksskadeloven § 28:
• Tobakksskadeloven § 28 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
• Lov om endringar i tobakksskadeloven, strålevernloven og atomenergiloven (utvidelse Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.av røykeforboda og forbod mot grensekryssande fjernsalg) - Lovdata Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. (sjå § 28 i endringsloven her før 1. januar 2026)
Kven som er ansvarleg for at røykeforbodet vert overheldt, står i tobakksskadeloven § 25 tredje og fjerde ledd:
• Tobakksskadeloven § 25 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sanksjonar ved brot på røykeforbodet står i tobakksskadeloven § 29 andre ledd:
• Tobakksskadeloven § 29 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Av tobakksskadeloven § 29 følg det at reglane knytt til kommunens tilsynsverksemd følg av folkehelseloven kapittel 3:
• Folkehelseloven kapittel 3, sjå særleg §§ 14 og 15 om retting og tvangsmulkt
Visst ein vil lesa meir om bakgrunn og begrunning for røykeforbodet på leikeplassar og utandørs idrettsområde, sjå proposisjonen til Stortinget fra side 14:
• Prop. 116 L (2024–2025) Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert
