Hardingsmolt AS søkjer om utviding av eksisterande anlegg ved Koløy N
Hardingsmolt AS har eit anlegg som er lokalisert nordaust for øya Koløy. Eksisterande og utviding av anlegget er plassert innafor areal sett av til akvakultur i arealdelen til kommuneplanen til Fitjar kommune.
Det er i dag 4 eksisterande stålbur med totalt utvendige mål på 80 x 56 m, og dei fungerer som arbeidsplattform rundt 4 flytekragar med lukka presenningar til produksjon av fisk. Dei 4 bura er planlagt fjerna og erstatta av eit kompaktanlegg med 6 bur fordelt på 2 rekkjer, slik at utvendige mål vert inntil 106 x 72 m.
I tillegg til ein ny arbeidsplattform for slambehandling og ein flytekrage med lukka eining innafor 130 x 80 m rammefortøyningar. Totalt sett vil ein gå frå å produsere 780 tonn til å utvide maksimalt tillate biomasse (MTB) til 2340 tonn. All produksjon er ei oppskalering av lukka drift og er med slamoppsamling.
I samband med søknaden ønskjer me å invitere alle interesserte til å kome med innspel og kommentarar.
Eventuelle merknader kan sendast skriftleg til Fitjar kommune, fitjar@fitjar.kommune.no eller Postboks 83, 5418 Fitjar, innan 02.01.2026.
Søknaden med tilhøyrande dokument finn de her:
Hardingsmolt AS - justert søknad om endra anleggskonfigurasjon lokalitet 11575 Koløy i Fitjar kommune SP-2024-001427 pdf, 566 kB, åpnes i nytt vindu.
KP-12315-1124 Koløy rev0 pdf, 12 MB, åpnes i nytt vindu.
Koløy N - konseptskisse og anleggsoppbygging pdf, 868 kB, åpnes i nytt vindu.
Koløy N - lokalitetsklarering endring pdf, 173 kB, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert

