Planlagd vegstengning -Gamle Vestbøstadvegen
Varsel om planlagd vegstengning i samband med reparasjon av Gamle Vestbøstadvegen.
Fitjar kommune vil informera om at me no skal utbetra skadane på Gamle Vestbøstadvegen.
Oppstart av anleggsarbeidet vert 3. november 2025.
Planlagd ferdigstillingsdato er 6. februar 2026.
Entreprenør er Engevik & Tislevoll AS.
Gamle Vestbøstadvegen vil vera stengd for all trafikk mellom nr. 9 og nedkøyringa til nr. 15 på vestsida.
Vegen vil vera stengd også for fotgjengarar. Me vil opna for at fotgjengarar kan passera dersom me ser at dette vert mogleg utover i anleggsperioden.
Dersom det vert endringar i stengeperioden, vil me informera om det på kommunen sine heimesider.
Omkøyring vert via Fitjar sentrum. Dette vert skilta frå begge fylkesvegane.
Sist oppdatert
