Velkommen til søskengruppe for barn/ ungdom i grunnskulen
Målgruppe:
Søsken til barn med ulike diagnosar. Lurar du på om ditt barn er i målgruppa, ta kontakt for ein prat.
Søskengrupper byggjer på same modell som tilbodet «Siskens» som nokre kan ha fått gjennom habiliteringstenesta i Helse Fonna. No vil me gi tilbod lokalt for å gjera det praktisk mogleg for fleire å delta. Du kan melde deg på hos oss sjølv om du har deltatt på Siskens før.
På søskengruppene snakkar me om korleis det er å ha ei søster eller ein bror med annleis fungering, og du møter andre barn som er i same situasjon. Me har eit ressurs fokus, der me har fokus på å normalisere, gi rom for spørsmål, få lov til å fortelje det ein ynskjer, få fram styrkar hos søster/ bror og så har me det kjekt i lag med mykje latter og moro.
For barn som har søsken med ei funksjonsnedsetting er det å vera pårørande ein del av den normale kvardagen, og me ynskjer ikkje å endre på det synet.
Me samlast på Rimbareid skule tysdager - kl 1415 til 1515:
21. oktober
28. oktober
4. november
11. november
I løpet av samlingane har med fleire tema, mellom anna:
- Presentasjon av familien og kva dei veit om diagnosen til søster eller bror
- Kva er søster/ bror god på? Styrkane
- Kva me opplever som vanskeleg i det å ha søsken med ei annleis fungering
- Kva og korleis me kan fortelje om søster/bror til andre som spør
Me bruker leik, teikning, skriving, ser videoar og har ulike aktivitetar. Det blir servert enkel mat og drikke som gir god stemning i gruppa. Siste treffet har me pizza.
Ta kontakt for spørsmål og/eller påmelding: Ønsker påmelding innan 13.oktober til:
Familierettleiar Liv Kari H.Tverderøy telefon nr 90175238, og epost livtve@fitjar.kommune.no
Sjukepleier med videreutdanning i psykiskhelse og rus i skulehelsetenesta Laura Hevrøy telefon nr 45614643, og epost lauhev@fitjar.kommune.no.
Mvh Liv Kari og Laura.
Sist oppdatert

