Kartlegging av fritidsvanane til unge i Fitjar kommune
I midten av juli vart Barnefamiliepanelet sendt ut til alle barnefamiliane i Vestland fylke.
Undersøkinga gir auka kunnskap om barn og unge si deltaking i fritidsaktivitetar.
Barnefamiliepanelet er ei spørjeundersøking om barn og unge si fritid. Resultatet frå undersøkinga gir kunnskap som kommunane og fritidstilbydarar kan bruke i arbeidet med å legge til rette for betre tilbod, og skape gode lokalsamfunn.
Invitasjonane til å delta i undersøkinga er sendt ut på e-post til alle med folkeregistrert adresse i Fitjar kommune, og resten av Vestland som har barn i alderen 3 til og med 17 år. Spørsmåla i undersøkinga handlar om ulike forhold rundt fritidslivet til barnefamiliane, slik som barnet sine medievanar og deltaking i kulturaktivitetar, idrett og fritidstilbod, i tillegg til spørsmål om forelderen sine fritidsvanar, økonomi og utdanning. Det tar om lag 15 minutt å svare på undersøkinga.
Kvifor er undersøkinga viktig?
Resultata frå undersøkinga vil gje eit godt kunnskapsgrunnlag for kommunen, institusjonar og organisasjonar innan kultur, idrett, friluftsliv og andre fritidsområde.
Undersøkinga er relevant for folkehelsearbeidet, drift og planlegging innan kommunen sine ansvarsområde som samfunnsutvikling, oppvekst, helse, velferd og kultur.
Barnefamiliepanelet
Deltakarane i undersøkinga blir ein del av Vestland sitt barnefamiliepanel. I Bergen kommune har barnefamiliepanelet blitt gjennomført fire gongar sidan 2019. Barnefamiliepanelet vart gjennomført i heile Vestland for første gong i 2022 og blir gjennomført for andre gong i juni 2025.
Les meir om undersøkinga i 2025 Lenke til et annet nettsted..
Les meir om Barnefamiliepanelet på nettsidene til Vestland fylkeskommune. Lenke til et annet nettsted.
Sjå rapportane og les meir om Barnefamiliepanelet på nettsidene til Bergen kommune Lenke til et annet nettsted..
Sist oppdatert
Tilleggsinnhold
Tilleggsinnhold som kontaktinformasjon, åpningstider eller lignende.
Innholdet skal alltid pakkes inn i dekorasjonen «Tilleggsinnhold»