![]() |
Foto: Pixabay |
Grunna vaksineleveranse og ferieavvikling i tenesta vil det ikkje vera høve til pandemivaksinasjon før medio august. Meir info vil kome etter kvart.
Ang dose 4
Det er kome føringar frå Fhi om å starte med oppfriskningsdose (dose 4) for alle personar frå 75 år og oppover med oppstart 1. juli 2022.
Folkehelseinstituttet anbefaler følgende prioriteringsrekkefølge:
1. Sjukeheimsbebuarar og sårbare personer som er 75 år og eldre med heimesjukepleie
2. Aldersgruppa 80 år og eldre
3. Aldersgruppa 75-79 år
Det er altså dei eldste og mest sårbare først. Dei i gruppe 2 og 3 vil få tilbod frå medio august.
Meir info om tidspunkt, organisering og påmelding kjem. Det blir ikkje sendt innkalling.