Oppmålingsforretning vil seie å kartleggje og beskrive grenser og rettar til fast eigedom. Dette dannar grunnlag for registrering i matrikkelen, som er det offentlege registeret over fast eigedom, med bygningar, bustader og adresser. Før ei ny eining blir registrert, må det som hovudregel gjerast ei oppmålingsforretning.  

Kommunen har ansvaret for å gjennomføre oppmålingsforretning innan 16 veker etter at rekvisisjon er tatt imot. 

Oppmålingsforretning må gjerast dersom du skal:

  • opprette ny matrikkeleining ved frådeling av grunneigedom, anleggseigedom, festegrunn eller jordsameige
  • registrere umatrikulert grunneigedom, jordsameige eller festegrunn
  • overføre areal frå ei matrikkeleining til ei anna ved samanslåing eller grensejustering
  • feste del av ei matrikkeleining for meir enn 10 år
  • endre registrert sameigefordeling
  • opprette eksklusiv bruksrett til uteareal eller eigarseksjon utan bygningar (f.eks. hageareal eller parkeringsplass)
  • måle og merke eksisterande grense på nytt