Tysdag 6.september 2022 kl.18.00 – 19.30 på Bergen offentlege bibliotek held Mobbeombodet i Vestland og dagleg leiar av Ung oppvekst, Sara Eline Eide, foredrag og samtale om temaet ufrivillig skulefråvær.

Skulen er ein viktig arena for meistring, læring og fellesskap – kvifor blir det ikkje alltid slik?
Aina Drage, mobbeombodet Vestland, og Sara Eline Eide, forfattar av boka «Skolefravær», vil i dette føredraget dele av sine erfaringar. Korleis oppdagar vi begynnande fråvær? Kva gjer ein som forelder når barnet «ikkje vil» på skulen? Kva kan skulen gjere? Korleis kan vi finne fram til ei felles forståing av fråværet? Kva gjer vi viss samarbeidet strandar? Kva med eleven som har fråværet? Det blir innlegg og samtale om temaet, og med høve for spørsmål.