Fitjar kommune har som mål å vera Miljøfyrtårn og arbeider med sertifisering etter "Hovudkontormodellen"                                          

Hovudkontoret er definert som rådhuset, og einingane elles er anten definert saman med andre i same lokasjon, eller som einskild eining.

Fitjar kommune skal aktivt arbeida for å fremja miljøvenlege tiltak med mål om lågast mogleg påverknad på ytre miljø. Som sertifisert Miljøfyrtårn oppfyller alle einingar i kommunen kriteria fastsett av stiftinga Miljøfyrtårn og gjennomfører tiltak for ei meir miljøvenleg drift og godt arbeidsmiljø.

Fitjar Folkebibliotek skal også bli sertifisert som miljøfyrtårn. Kommunen har som målsetting at alle einingar skal vera sertifisert som miljøfyrtårn. 

Områder det vert gjort miljøtiltak i:

  • Innkjøp
  • Arbeidsmiljø
  • Transport
  • Avfall
  • Energi

Tenesteomtalar 
Miljøfyrtårn sertifisering

Kontaktinformasjon er  teknisk sjef Randi Karin Habbestad, tlf. 53 45 58 00, e-post rhab@fitjar.kommune.no