Kunngjeringskart

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 vert det med dette meldt at ABO Plan & Arkitektur Stord på oppdrag for Port Steingard, sett i gang arbeid med detaljregulering Port Steingardseid gnr/bnr 61/348 m.fl., Planid 202104, Fitjar kommune. Oppstartsmøte er gjennomført 25.07.2021. Plansaka er handsama av leiar i utval for plan og miljø på sommarfullmakt, med vedtak på at det kan meldast oppstart av planen (Sak 55/21, 16.07.2021).

Planstatus og føremål
I gjeldande kommuneplan er planområdet sett av til område der reguleringsplan fortsett skal gjelda reguleringsplan for Kråko (2003) og med fritidsføremål. Det er utarbeida detaljreguleringsplan for eit delområde, Port Steingardseid 2012 (revidert 2016), og delplan for områda Høgakråko (2010) og Steingardsneset (2010). Hovudføremåla i desse planane er fritidsføremål. Desse regulerings- og delplanane vil verta oppheva som del av planarbeidet, jf. plan- og bygningslova §12-14.
Oppstart av planarbeidet er utløyst av nyleg vedteke samfunnsdel som har påpeika at ein vil utvikle «destinasjon Kråko» for fleire besøkjande, og at gjeldande reguleringsplan/ar for Kråko sjøhytteområde skal reviderast. Planområdet bygger på at utbyggjar ser behov for og ønskjer å sjå på delområde Port Steingard-utbygginga på Kråko i samanheng med tilgrensande område. Detaljreguleringa sitt hovudføremål er å oppdatere planverket til dagens standard for detaljreguleringsplanar, samt justere regulert situasjon, legge til rette for skånsam fortetting, og innlemme næringsareal, gjestehamn og kombinerte føremål. Fortettinga inneber noko fleire einingar enn gjeldande planar opnar for, men ikkje nødvendigvis i volum. Ein ønskjer også å vurdere ei høgare utnyttingsgrad enn reguleringsplan Kråko opnar for.

Planområdet
Storleik på planområdet er om lag 154 dekar. Avgrensing av planområdet er synt på vedlagt kartutsnitt.
Planområdet er avgrensa med bakgrunn i tiltakshavar sine eigedomar, samt behov for infrastruktur og heilskap i området. Forslag til planområde omfattar areala som er knytt til Steingardseid, kanalen og naturleg tilgrensande areal.

Viktige utgreiingar
Det er vurdert konsekvensutgreiing etter KU-forskrifta, og kommunen har vurdert at planen ikkje fell under vilkår for slik utgreiing då planframlegget i hovudsak er i samsvar med overordna planar, og ikkje vil ha vesentlege verknadar for miljø og samfunn, jf. KU-forskrifta §§8 og 10.
Sjølv om planen ikkje utløyser krav til konsekvensutgreiing krev pbl § 4-2 at verknadar av planframlegget vert vurdert. Særleg vil vurderingar knytt til naturmangfald, friluftsliv, strandsone, landskap, andre ålmenne interesser, samt samfunnsverknad/sosial infrastruktur leggast vekt på. Sjå planinitiativet og referat frå oppstartsmøtet for detaljar.

Dokument i saka:
Planinitiativ
Plangrense
Referat frå oppstartsmøte

Merknadar
Eventuelle merknader til planen skal sendast skriftleg til ABO Plan & Arkitektur Stord AS, Postboks 32, 5401 Stord, eller e-post: poststord@abo-ark.no / turid@abo-ark.no innan høyringsfristen: 21. september 2021

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader og innspel til kommunen - dette vil ABO Plan & Arkitektur Stord AS ivareta i samband med innsending av planframlegg.

Vidare arbeid
Etter at fristen for merknader er gått ut, vil ABO utarbeide eit planframlegg som inneheld planomtale, plankart og føresegner. Ferdig planforslag vil så verta sendt kommunen for handsaming. Etter 1. gangs politisk handsaming vert planframlegget sendt på ny høyring og lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil også då vera moglegheit for å koma med merknadar til planframlegget før ny politisk handsaming av planforslaget