Vesthaugane

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 vert det med dette meldt at ABO Plan & Arkitektur Stord på oppdrag for Vesthaugane AS, set i gang arbeid med detaljregulering Vesthaugane gnr./bnr. 61/373 m.fl., Planid 202103, Fitjar kommune. Oppstartsmøte er gjennomført 06.07.2021. Plansaka er handsama av leiar i utval for plan og miljø på sommarfullmakt,
sak PS 56/21, med vedtak på at det kan meldast oppstart av planen.

Planstatus og føremål
I gjeldande kommuneplan er planområdet sett av til område der reguleringsplan forsett skal gjelda, reguleringsplan for Kråko (2003), med fritidsføremål. Det er utarbeida delplan for område Vesthaugane, der hovudføremål er fritidsføremål. Delar av reguleringsplan for Kråko samt delplan for Vesthaugane vil verta oppheva som del av planarbeidet, jf. plan- og bygningslova § 12-14.

Oppstart av planarbeidet er utløyst av nyleg vedteke samfunnsdel som har påpeika at ein vil utvikle «destinasjon Kråko» for fleire besøkjande, og at gjeldande reguleringsplan/ar for Kråko sjøhytteområde skal reviderast. Detaljreguleringa sitt hovudføremål er å oppdatere planverket til dagens standard for detaljreguleringsplanar, samt justere regulert situasjon og legge til rette for skånsam fortetting. Fortettinga inneber noko fleire einingar enn gjeldande plan opnar for, samt å fremje ei høgare utnyttingsgrad enn reguleringsplan for Kråko opnar for.

Planområdet
Storleiken på planområdet er om lag 141 daa. Avgrensinga av planområdet er synt på  kartutsnitt. Planområdet er avgrensa med bakgrunn i tiltakshavar sin eigedom, samt behov for infrastruktur og heilskap i området.

Viktige utgreiingar
Det er vurdert konsekvensutgreiing etter KU-forskrifta, og kommunen har vurdert at planen ikkje fell inn under vilkår for slik utgreiing då planframlegget i hovudsak er i samsvar med overordna planar, og ikkje vil ha vesentlege verknader for miljø og samfunn, jf. KU-forskrifta §§ 8 og 10.

Sjølv om planen ikkje utløyser krav til konsekvensutgreiing krev pbl § 4-2 at verknadar av planframlegget vert vurdert. Særleg vil vurderingar knytt til naturmangfald, friluftsliv, strandsone, landskap, andre ålmenne interesser, samt samfunnsverknad/sosial infrastruktur leggast vekt på. Sjå planinitiativet og referat frå oppstartsmøtet for detaljar.

Saksdokument 
Planinitiativ
Referat frå oppstartsmøte
Sak PS 56/21
Plangrense

Eventuelle synspunkt på planen skal sendast skriftleg til postadresse:   ABO Plan & Arkitektur Stord AS, Postboks 32, 5401 Stord  eller på epost til  poststord@abo-ark.no / hageberg@abo-ark.no innan høyringsfristen  23. september 2021  

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader og innspel til kommunen – dette vil ABO Plan & Arkitektur Stord AS ivareta i samband med innsending av planframlegg.

Vidare arbeid 
Etter at fristen for merknader er gått ut, vil ABO utarbeide eit planframlegg som inneheld plan­omtale, plankart og føresegner. Ferdig planforslag vil så verta sendt kommunen for hand­saming. Etter 1. gangs politisk hands­aming vert planframlegget sendt på ny høyring og lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil også då vera mogleg­heit for å koma med merknadar til plan­fram­legget før ny politisk hand­sam­ing av planforslaget.