Viktig: Gjeninnføring av byggeplikt og endringar i eigenerklæring- og konsesjonssøknadsskjema frå 1. januar 2026

Frå 1. januar 2026, skal oppdaterte skjema nyttast ved eigenerklæring og søknad om konsesjon etter konsesjonslova.

Dette må du veta:

  • Nye grøne og raude eigenerklæringsskjema skal brukast frå 1. januar 2026
  • Byggeplikt er gjeninnført: Konsesjonsfritak for ubygde enkelttomter føreset at tomta vert bygd innan fem år.
  • Ny versjon av søknadsskjema for konsesjon (LDIR‑359) skal nyttast
  • Konsesjonssøknad skal sendast til kommunen, ikkje til ordførar
  • Overdragar skal ikkje signere søknaden, men det skal leggjast ved erklæring frå overdragar

Kommunen oppmodar alle brukarar til å nytte dei oppdaterte skjema som ligg på Landbruksdirektoratet sine nettsider finn de her Lenke til et annet nettsted..

Skjema kan sendast trygt og sikkert til Fitjar kommune via eDialog Åpnes i nytt vindu..

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?