Levåg steinuttak
Plangrense

Multiconsult Norge AS, avd Stord varslar med dette, på vegne av K. Volden Transport AS, oppstart av planarbeid og høyring/offentleg ettersyn av planprogram for Detaljregulering for steinbrudd Levåg g/bnr. 79/1, 79/18, 79/3, 79/4, 80/1, 80/2 og 80/4, PlanID 4615 – 202101. 

På lenkene under finn du dokument som følger varselet:

Planføremål
Reguleringsplanen omhandlar regulering av eit nytt steinbrudd i Levåg. K. Volden Transport AS har stadig behov for byggjeråstoff i verksemda si. I samband med dette har føretaket inngått avtalar med grunneigarane (som har utvinningsrett) om å få etablere uttak av stein (pukk) på dei aktuelle eigedomane. Føretaket er lokalisert på Fitjar, og har mange av oppdraga sine lokalt i Sunnhordland. Etterspurnaden etter kortreiste byggjeråstoff er stor.

Parallelt med reguleringsplanprosessen skal det utarbeidast ein driftsplan for det planlagde uttaket som vedlegg til ein søknad om driftskonsesjon. For uttak på meir enn 10 000 m3 masse, samt alle uttak av naturstein, er det krav om driftskonsesjon frå Direktoratet for mineralforvaltning (DMF).

Området innanfor varslingsgrensa/planavgrensing er 1110,0 daa stort, og inkluderer heile eller delar av eigedomane 79/1, 79/18, 79/3, 79/4, 80/1, 80/2 og 80/4. Delar av E39 og areal på nordsida av E39 er inkludert for å ta høgde for ev. behov for nye kryssløysingar, svingfelt mv.
I planprogrammet og ved varsel om oppstart av planarbeid vert det varsla med eit større område enn det som truleg vert faktisk grense for planforslaget.

Krav om konsekvensutgreiing
Tiltaket i planforslaget fell inn under tiltak nummer 19 i vedlegg I til Forskrift om konsekvensutredninger: Uttak av malmer, mineraler, stein, grus, sand, leire eller andre masser dersom minst 200 dekar samlet overflate blir berørt eller samlet uttak omfatter meir enn 2 millioner m3 masse, eller uttak av torv på et område større enn 200 dekar.

Det er venta at uttaket av grus og pukk vil påverka ei overflate på meir enn 200 dekar.

Planforslaget vil vidare ikkje vera i samsvar med overordna plan, Kommuneplan for Fitjar 2011-2022.

På grunn av momenta ovanfor er det vurdert at planforslaget krev konsekvensutgreiing. Planprogrammet omtalar tema for konsekvensutgreiinga.

Saksgong og medverknad
Det vart halde oppstartsmøte med Fitjar kommune  01.02.21. I forkant av møtet var det utarbeidd eit planinitiativ, sjå vedlegg med planinitiativ og referat frå oppstartsmøtet.

Planarbeidet krever konsekvensutgreiing, og det er utarbeidd planprogram som vart handsama og vedtatt sendt på høyring av Fitjar kommunestyre 28.04.2021, sak 19/21. Planprogrammet omtalar tema og innhald for konsekvensutgreiinga. Sjå vedlegg.

Denne meldinga varslar oppstart av reguleringsarbeidet og høyring og offentleg ettersyn av planprogrammet. Frist for uttale er 6 veker. Meldinga går til naboar, grunneigarar og offentlege instansar og interesseorganisasjonar.

Høyringsfrist for merknader er 23.06.2021 og innspel/merknader skal sendast skriftleg på e‐post til hib@multiconsult.no eller i brev til:

Multiconsult Norge AS avd. Stord, Kunnskapshuset, Sæ 132, 5417 Stord