Folkehelseinstituttet anbefaler ny oppfriskingsdose til personar over 75 år. Ein ny dose er særskilt tilrådd for dei som ikkje har gjennomgått sjukdom, eller som manglar tidlegare vaksinedosar, og for dei som har ein eller fleire underliggjande risikofaktorar.

Det bør vera minimum 6. mnd sidan førre dose, og 3-4 mnd. mellom gjennomgått koronasjukdom og vaksinering. Ein må vera feberfri og utan hoste eller andre luftvegssymptom på vaksinasjonsdagen.

Vaksinering burde skje i løpet av april, for at det skal gå nok tid før oppfriskingsdose til hausten, men det er framleis ikkje for seint. 

Dersom du ikkje rakk drop-in dagane i april, men ynskjer vaksine, ta kontakt med leiande helsesjukepleiar, tlf: 91524832 for timebestilling. 
 

Koronavaksinering til aldersgruppa under 75 år

Friske personar mellom 18 og 64 år kan få 4.dose om dei ynskjer det. Personar over 65 år eller yngre med underliggjande sjukdomar er tilrådd 4.dose. Begge grupper er velkomen ved drop-in dagane.

Det må vera minimum 4.mnd mellom kvar oppfriskingsdose, og 3-4 mnd mellom gjennomgått koronasjukdom og vaksinering. På vaksinasjonsdagen må ein vera feberfri og utan hoste eller andre luftvegssymptom.

Ta kontakt med leiande helsesjukepleiar, tlf: 91524832 ved evt spørsmål.
For meir informasjon, sjå Folkehelseinstituttet: www.fhi.no