Koronavaksinasjon 

Personar i følgjande målgrupper som enno ikkje har fått oppfriskingsdose, kan ta kontakt med Fitjar Helsestasjon for timebestilling; 

  • Personar i som er 65 år og eldre 
  • Personar i aldersgruppa 18 – 64 år med underliggjande sjukdomar 
  • Ungdom i aldersgruppa 12 -17 år med alvorlege grunnsjukdomar: 
  • Gravide i 2. og 3.trimester. 

FHI har frå 18.11.22 opna opp for at personar i gruppa 18-64 år utan underliggjande risiko som ynskjer ein oppfriskingsdose, kan få det. Denne opninga vil vera meir aktuell for dei eldste i aldersgruppa enn dei yngste, og særleg dei som til no berre har takka ja til to doser.

FHI sin vurdering er at det per i dag ikkje er grunnlag for å inkludere helsepersonell i målgruppa som er tilrådd ny oppfriskingsdose no i haust, men at helsepersonell som sjølv ynskjer det, kan velje å ta ein ny dose. 

Fitjar Helsestasjon tek imot timebestilling for koronavaksinasjon. Det vil bli organisert ved oppsamla dagar hjå Fitjar helsestasjon, adresse: Gamle havnavegen 23. Ta kontakt på e-post: helsestasjon@fitjar.kommune.no eller til leiande helsesjukepleiar tlf: 91 52 48 32.