Koronavaksinasjon 

Personar i følgjande målgrupper som enno ikkje har fått oppfriskingsdose, kan ta kontakt med Fitjar Helsestasjon for timebestilling; 

  • Personar i som er 65 år og eldre 
  • Personar i aldersgruppa 18 – 64 år med underliggjande sjukdomar 
  • Ungdom i aldersgruppa 12 -17 år med alvorlege grunnsjukdomar: 
  • Gravide i 2. og 3.trimester. 

FHI har frå 18.11.22 opna opp for at personar i gruppa 18-64 år utan underliggjande risiko som ynskjer ein oppfriskingsdose, kan få det. Denne opninga vil vera meir aktuell for dei eldste i aldersgruppa enn dei yngste, og særleg dei som til no berre har takka ja til to doser.

FHI sin vurdering er at det per i dag ikkje er grunnlag for å inkludere helsepersonell i målgruppa som er tilrådd ny oppfriskingsdose no i haust, men at helsepersonell som sjølv ynskjer det, kan velje å ta ein ny dose. 

Fitjar Helsestasjon tek imot timebestilling for koronavaksinasjon. Det vil bli organisert ved oppsamla dagar hjå Fitjar helsestasjon, adresse: Gamle havnavegen 23. Ta kontakt på e-post: helsestasjon@fitjar.kommune.no eller til leiande helsesjukepleiar tlf: 91 52 48 32. 
 

Influensavaksinasjon

Personar med risikosjukdom er anbefalt influensavaksine og pneumokokkvaksine. Pneumokokkvaksine er no tilrådd med 5 års intervall. Desse vaksinane kan ein få samstundes. NB! Det må gå minimum 1 veke mellom koronavaksine og pneumokokkvaksine. Kontakt fastlege og/eller apotek for timebestilling.

Premature og barn med risikosjukdom
Fhi anbefaler særleg premature barn og barn med risikosjukdom å få influensavaksine frå 6 mnd alder. Barn i alder 6 mnd til 9 år, som ikkje er vaksinert eller har fått påvist influensasjukdom tidlegare, anbefales to dosar influensavaksine med eit intervall på minimum 4 veker. Det finns to ulike typar influensavaksine som er godkjent for barn – injeksjon (frå 6 mnd alder) og nasespray (2-17 år). 

Influensavaksine er i tillegg tilrådd til: 

  • Helsepersonell som har pasientkontakt
  • Personar som bur saman med immunsupprimerte pasientar
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar 
  • Saneringspersonale og andre som jobbar i fjørfenæringa

          

For meir informasjon, ta kontakt med: