Hjerte

I veke 3 fekk kommunen melding om 23 smittetilfelle.  Denne veka har me fått melding om 5  nye på måndag,  5 på tysdag, 1 på onsdag og 3 idag, torsdag. 

Hurtigtestar, sjølvtesting og melding om smitte
Sjølvtesting med hurtigtest skal no erstatta karantene og det meste av PCR-testing.  Kommunen har  motteke eit stort parti med hurtigtestar for utdeling.  Desse held me  på å pakka om og gjera klar til bruk, men utdelinga  kjem ikkje i gang før måndag den 31. januar.  På fredag vil det bli lagt ut informasjon om kven som kan få av desse testane, kor dei kan hentast, og korleis  smitte som er avdekka ved sjølvtesting skal registrerast. 

  • Fitjar kommune har innført grønt nivå i grunnskulen og barnehagane frå måndag 24. januar.
  • Den nasjonale strategien for handtering av koronapandemien er ikkje å stoppa smitten, men å avgrensa den slik at ikkje alle vert sjuke på same tid.  Det vil gå hardt ut over helsetenestene og andre viktige funksjonar i samfunnet om store deler av folket må halda seg heime grunna sjukdom eller karantene.  Å bli sjuk med Covid-19 er ikkje så risikabelt no som tidlegare i pandemien. Varianten av viruset som for tida er i omløp  gjev  mildare sjukdom.  Alvoret er og redusert ved at det er mykje immunitet i samfunnet grunna høg vaksinegrad og at fleire har vore sjuke.    Det er desse faktorane som ligg til grunn for smittevernlegen og kommuneleiinga sine daglege vurderingar av det lokale tiltaksnivået i Fitjar
  • Smittevernlegen forventar at det ei tid framover vil vera ein del koronasmitte i Fitjar.  Dei siste vekene har smittenivået i Fitjar lege godt under det nasjonale.
  • At me til ei kvar tid skal ha nok personell i dei lokale helse- og omsorgstenestene vil vera med å påverka tiltaksnivået vårt. Bemanningssituasjonen har gradvis vorte meir utfordrande dei siste månadane.
  • Fritidsaktivitetar for barn- og unge bør gjennomførast så lenge dei er i tråd med nasjonale smittevernråd.  Dei kan du lesa meir om her.

Nasjonale smitteverntiltak

I Fitjar er det regjeringa sine nasjonale råd og reglar som gjeld.  Nye nasjonale råd og reglar vart sett i verk frå midnatt natt til fredag 14. januar. Etter den tid har regjeringa komme med fleire justeringar av tiltaka. 

Oppdaterte nasjonale råd og reglar finn du alltid på Helsenorge si heimeside.  Ver merksam på at det kan vera eigne reglar, som er strengare enn dei nasjonale, i andre kommunar du oppheld deg i. 

5 viktige råd:

  1. Dersom du er vaksen og kan ta i mot vaksine - vaksiner deg så snart som mogeleg. Møt opp og få vaksine på drop-in eller kontakt Fitjar helsestasjon på e-post  helsestasjon@fitjar.kommune.no eller  tlf. 915 24 832, helst på SMS med namnet ditt, fødselsdato, og at du ynskjer vaksine.  
  2. Praktiser god hand- og hostehygiene
  3. Hald deg heime om du er sjuk
  4. Test deg ved symptom og meld frå til Koronasentralen så snart du har testa positivt på smitte.  Dei som testar positivt på test tatt på Koronasenteret vil verte kontakta. Dei som testar positivt på test tatt heime må kontakte Koronasenteret for rettleiing. Om du testar positivt i helga, eller etter stengetid på kvardagar, kan du senda SMS til mobil 475 182 82 og du vert kontakta. Anrop til mobilnummeret vil ikkje bli svara på.
  5. Set deg inn i nasjonale råd og reglar, og føl desse

Detaljert informasjon om testing, melding om smitte, samt nasjonale råd og reglar, finn du under fanene nedanfor.

Fitjar kommune takkar innbyggjarane for god innsats så langt i pandemien. Dette har bidrege til at me har komme godt ut av det når det gjeld smitte og sjukdom.

Testing og melding om smitte

Meld frå til Koronasentralen om du er smitta med Covid 19
Koronasentralen for Stord og Fitjar hjelper framleis til med testing, smittesporing og rapportering til kommunane. Sentralen held til i Ringvegen 24, Heiane, 5412 Stord. Du kan ikkje møte opp utan timeavtale. Bestill time her: Klikk her for å bestilla time for testing. Du kan og ringe koronasentralen på tlf. 53 49 66 66 på dagtid.  

Kommunen har ansvar for å setja i verk tiltak for å avgrensa  smitten ved lokale utbrot.  Dersom kommunen ikkje til ei kvar tid veit  kor mykje smitte det er i lokalsamfunnet, er det uråd å vurdera  behovet for smitteverntiltak. På bakgrunn av dette, ber me om at alle som har fått påvist smitte gjennom sjølvtesting melder frå  til koronasentralen.

 

Nasjonale råd og reglar

Detaljert informasjon om nasjonale råd og reglar kan du sjå på Helsenorge sine sider her.