![]() |
Foto: Pixabay |
Kommunen får vaksine tilsendt kvar veke, med om lag ei vekes varsel på kva mengde som blir levert. Dei som får tilbod om vaksine blir ringt til av helsepersonell i kommunen for å avtale time.
Det er ikkje høve til å møte opp utan avtale.
Etter kvart vil kommunen sende SMS med informasjon om oppmøtetidspunkt. Ver merksam på at kommunen aldri vil ta førehandsbetaling for å få vaksine ved kontakt per telefon eller SMS, då vaksina er gratis.
Innbyggjarar i prioriteringsgruppe 1 -3 er ferdig vaksinert. Dei neste vekene vil kommunen fortsetje med vaksine til gruppe 4. Personar i denne gruppa får vaksine frå Pfizer/BioNTech, og det blir gitt to dosar med 6 veker mellom 1. og 2. dose (gjeldande frå 15. mars).
Ved utgangen av veke 15 er det i hovudsak personar i aldersgruppe 69-71 år som har fått vaksine i tillegg personar med underliggjande diagnosar. Det er nå 603 personar som har fått dose 1 av korona-vaksina, og 174 personar har fått 2 dosar.
I veke 16 er 102 personar kalla inn til 1.dose av vaksine frå Pfizer/BioNTech. Desse er i hovudsak 69 år og yngre.
Vaksina frå AstraZeneca er sett på vent i Noreg. Ny avklaring kjem 18. april.
Innbyggjarar som har fastlege i annan kommune
Fastlegar som har pasientar på si liste frå annan kommune melder desse til kommuneoverlegen i den kommunen fastlegen jobbar i. Kommuneoverlegen melder vidare til dei ansvarlege for vaksinasjon i den kommunen den enkelte har folkeregistrert adresse. Fitjar kommune har motteke oversikt frå Stord kommune over dei som har risikofaktorar ved smitte av covid-19.